«I min barndom» – samanlikning av to dikt av Marie Takvam
Dei to dikta «Kva kan eg seie deg, barn?» og «I min barndom» høver godt til ei litterær samanlikning. Dei har fleire fellestrekk både i tematikk og uttrykksmåte, men også klare ulikskapar. Dikta er frå samlinga Falle og reise seg att (1980) av Marie Takvam (1926–2008).
Marie Takvam. Foto: Odd Wentzel / Norsk Folkemuseum (CC BY-NC-ND)
Start med å gje elevane ein kopi av dikta og å lese begge dikta høgt i klasserommet. Deretter kan elevane lese gjennom dikta ein gong til sjølve medan dei strekar under og noterer kva dei legg merke til med dikta. Avklar ord dei eventuelt ikkje forstår.
Deretter kan to og to elevar snakke saman om det dei har notert.
Ein metode for å arbeide med dikt blir skildra grundigare i presentasjonen under denne ressursen: Bring stemma til Warsan Shire inn i klasserommet!
Dikta
Oppgåver
- Kva slags type dikt er dette?
- Kven er det lyriske eg-et i dei to dikta, og kven vender dei seg til?
- Kva representerer Mercur, Venus og Mammon?
- Finn ut kva anafor er, og kva funksjon verkemiddelet har i dikta.
- Korleis fungerer bruken av aldri?
- Korleis synest du spørsmåla i diktet fungerer?
- Samanlikn dei to dikta, og få fram likskapar og skilnadar, både i form og innhald. Sjå t.d. på oppbygginga av dikta, teiknsetjing, den siste strofa i kvart dikt, gjentakingar, tematikk og bodskap.
Skriveoppgåver
- Diskuter med læringspartnaren din kva som kan vere gode råd til ungdommar i dag. Lag ei liste med fem råd, der du startar med anaforen «Vi vil rå deg til å …»
- Skriv ein kort tekst som startar med: I min barndom sa dei …
- Skriv ein kort tekst om kva arbeid du kan tenke deg å ha i framtida.