Å snakke om språk
Ivar Aasen var ein O.G.
I teksten «Ivar Aasen var ein O.G.» bruker Monica Goksøyr referansar frå hiphop og populærkultur for å aktualisere spørsmål om språk, identitet og makt og gjere dei relevante for elevar i dag. Gjennom lesestopp, refleksjonsoppgåver og skriveoppgåver får elevane utforske korleis språk heng saman med makt, identitet, status og tilhøyrsle.
Korleis gjer ein språk til show?
I dette opplegget skal elevane arbeide i grupper med eit felles språkshow der dei utforskar både språkhistoria og dialektrikdomen vår. Målet er at elevane skal utvikle eit engasjerande og lærerikt innslag til eit tenkt tv-program der dei viser korleis dialektar, språkhistorie og språkhaldningar heng saman.
Lag ditt eige språk!
I dette undervisningsopplegget får elevane utforske og bli kjende med språklege strukturar ved å lage sitt eige, oppdikta språk frå landet Laputia.
Teikn livet mitt: Ivar Aasen
I dette undervisningsopplegget skal elevane arbeide kreativt og utforskande med den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i Noreg, med særleg vekt på Ivar Aasen.
Språk-duell: Ivar Aasen vs. Knud Knudsen
La elevane lage ein språk-duell mellom Ivar Aasen og Knud Knudsen, i form av ein rapp-tekst, eit skodespel, ein video eller ein podkast.
Velkomen til språkdebatt!
Å reflektere over statusen til språka i Noreg er ei viktig målsetting for elevane. Ved å førebu og gjennomføre eit rollespel der elevane får utdelt ulike roller, får elevane kunnskap om ulike synspunkt om språksituasjonen i Noreg i dag.