Korleis gjer ein språk til show?

I dette opplegget skal elevane arbeide i grupper med eit felles språkshow der dei utforskar både språkhistoria og dialektrikdomen vår. Målet er at elevane skal utvikle eit engasjerande og lærerikt innslag til eit tenkt tv-program der dei viser korleis dialektar, språkhistorie og språkhaldningar heng saman. 

Elevane må setje seg inn i fagstoff, bruke relevante fagomgrep og formidle kunnskapen på ein måte som både er forståeleg og interessant for andre ungdomar. Dei får også høve til å vere kreative i måten dei formidlar innslaget sitt på, gjennom til dømes å flette inn intervju, rollespel eller andre uttrykksmåtar. Elevane må sjølve tenkje gjennom korleis dei kan kombinere fakta, refleksjon og humor i innslaget sitt.  

Undervegs får dei inspirasjon og tips frå erfarne formidlarar som Linda Eide og Lydia Gieselmann, noko som vi håpar kan gje arbeidet ekstra motivasjon.   

Undervisingsopplegget legg til rette for godt samarbeid og engasjement blant elevane, og at dei opplever arbeidet med språk og språkhistorie som noko relevant og meiningsfullt.  

Forankring i LK20

Opplegget er godt forankra i fleire av kjerneelementa i norskfaget: munnleg kommunikasjon, språket som system og moglegheit og språkleg mangfald. Elevane skal utvikle og kunne ta i bruk eit fagleg omgrepsapparat for å beskrive estetiske og grammatiske sider ved språket. Samstundes skal dei arbeide med å forstå den norske språksituasjonen i dag, og utforske bakgrunnen for han. Elevane skal også få innsikt i samanhengen mellom språk, kultur og identitet.