Lag ditt eige språk!

Har du høyrt om laputiansk? No får du sjansen til å bli kjend med eit heilt nytt språk, skapt av elevane sjølve. 

I dette undervisningsopplegget for ungdomstrinnet og vidaregåande skule får elevane utforske og bli kjende med språklege strukturar ved å lage sitt eige, oppdikta språk frå landet Laputa. 

I kjerneelementet Språket som system og moglegheit står det at elevane skal kunne leike, utforske og eksperimentere med språk på kreative måtar. Elevane skal også «utvikle kunnskapar om og eit omgrepsapparat for å beskrive grammatiske og estetiske sider ved språket.» Gjennom opplegget Lag eit språk får dei nettopp denne moglegheita. 

Undervisingsopplegget er utforma og bygd vidare basert på ein idé av Isabella Pareliussen. 

Skjema og andre filer

Læringsmål

Gjennom arbeidet med å lage eit språk er målet at elevane får: 

  • innsikt i korleis språk er bygde opp 
  • trening i å bruke grammatisk fagspråk 
  • samarbeide og drive kreativ problemløysing 
  • reflektere over kvifor metaspråk er viktig for å forstå både nynorsk, bokmål og andre språk 

Storyline-ramme

Opplegget er lagt opp etter Storyline-metodikken. Ramma er at Ivar Aasen treng språkassistentar for å kartleggje språka som finst i Laputa. Elevane blir sende ut i grupper for å utforske og dokumentere språket i den delen av det ukjende landet dei får ansvar for. Målet med opplegget er å få elevane til å reflektere, samarbeide, utvikle og bruke eit fagleg metaspråk i arbeidet med å lage språket laputiansk. 

Kvifor er dette god (ny)norskopplæring?

Ei kreativ tilnærming til språkopplæring kan gjere det lettare å engasjere og involvere elevane. Når dei sjølve får skape og forme eit språk, må dei samstundes setje ord på korleis språket fungerer. Dette kan gjere at dei utviklar eit metaspråk, eit språk om språket, som er avgjerande for å samanlikne, forklare og lære språk. 

Elevane skal òg reflektere over arbeidet undervegs og samtale med kvarandre om vala dei gjer. Det betyr at dei ikkje berre skal finne på pussige ord og reglar, men òg setje ord på kvifor dei vel som dei gjer, og korleis språket deira er bygd opp, samanlikna med nynorsk. Når dei diskuterer om kor mange grammatiske kjønn språket deira skal ha, kva ordstillingar som passar best, eller kva språkfamilie laputiansk høyrer til, arbeider dei på eit metanivå. Desse refleksjonane og samtalane er ein sentral del av læringsprosessen, fordi dei gjer elevane medvitne om språklege strukturar og gir dei eit aktivt metaspråk å bruke i møte med både norsk og andre språk. 

Oppgåvene elevane får, er gjennomgåande kontrasterande med nynorsk. Det betyr at elevane får høve til å samtale om og repetere grammatiske trekk ved nynorsk medan dei utviklar sitt eige språk. 

Arbeidsmåtar og oppdrag

Undervegs i arbeidet får elevane ei rekkje oppdrag som gradvis byggjer ut språket dei har funne i Laputa. Elevane skal blant anna: 

  • bestemme kva språkfamilie laputiansk høyrer til, eller om det er eit språkisolat
  • lage eige alfabet og fonem
  • utvikle bøyingsmønster for substantiv og verb (svake og sterke)
  • setje opp reglar for setningsstruktur og ordstilling
  • skrive korte, kreative tekstar og presentere språket sitt for andre
  • reflektere over korleis laputiansk skil seg frå nynorsk
  • samarbeide om å presentere funna sine munnleg   

Til slutt presenterer elevane «Laputa – boka om språket» på eit fiktivt språkseminar. Her får dei lagt fram språket dei har laga, og reflektere over kva dei har lært om språk og metaspråk. 

NB: Det går heilt fint å leggje til eigne oppdrag eller ta vekk delar dersom du ønskjer å tilpasse opplegget til klassesituasjonen. 

God tur til Laputa! 

Vidare lesing

Grammatikk – kvifor og korleis? 

Askland, S. (u.å.). Grammatikk er viktig som ein reiskap når vi treng han. LNU. 

Haukås, Å. (2014). Metakognisjon om språk og språklæring i et flerspråklighetsperspektiv. Acta Didactica Norge, 8(2), 1–16. 

Søfteland, Å. (2021). Nynorskopplæring med utforskande tilnærming til grammatikk. I Kverndokken, Bakke og Budal (Red.), 101 grep om grammatikk. Fagbokforlaget / LNU.