• Blogg
  • Grammatikk – kvifor og korleis?

Grammatikk – kvifor og korleis?

29.09.2021

Grammatikkillustrasjon Anja

Læreplanane for norskfaget slår fast at elevane skal ha kunnskapar om grammatikk og kunne bruke desse kunnskapane i arbeid med tekst.

Tekst: Reidun Kydland
Illustrasjon: Anja Dahle Øverbye

Dei skal også kunne samanlikne norsk, både bokmål og nynorsk, med andre språk. Særleg er dansk, svensk og norrønt nemnt, men dei kan sjølvsagt også samanlikne med talemål, engelsk eller andre språk som kan vere aktuelle. Kva må ein ha av kunnskapar og ferdigheiter for å kunne få dette til?

Bruk språket elevane alt kan

Kunnskap om ordklassar, setningsledd og syntaks høyrer med til det grunnleggande for å vite noko om korleis språk er bygde opp. Elevar får ein innebygd grammatikk samstundes som dei lærer morsmålet sitt. Dei veit om ein seiemåte eller ei setning er rett eller gale, utan at dei nødvendigvis kan forklare kvifor. Det er ein grunn til at vi treng kunnskapar om grammatikk, vi treng eit språk for å snakke saman om språk; eit metaspråk. Vi skal ikkje berre lære oss grammatikk, vi skal også kunne bruke desse kunnskapane til noko. Derfor treng vi både eit omgrepsapparat og eit presisjonsnivå når vi skal arbeide med tekstar.

Dessverre har det vore ein tradisjon for å arbeide med grammatikk som ein isolert disiplin frå andre norskfaglege emne, og særleg i tilknyting til opplæring i nynorsk sidemål. Ei grammatikkopplæring lausriven frå all kontekst, der verb- og substantivbøying i skjema og utfyllingsoppgåver er aktiviteten, fører ikkje nødvendigvis til at elevane lærer grammatikk. Dei blir heller ikkje gode skrivarar og tekstreviderarar av det. Sjansane er nok større for at dei heller får piggane ut mot nynorskopplæringa. Grammatikkopplæringa må famne mykje vidare enn til sidemålet, kompetansen treng ein også å ha i fokus i hovudmålet, i engelsk og i andre språkfag.

Ulike arbeidsmåtar

Det er lurt å arbeide med grammatikk i samanheng med tekst og i ein kontekst, enten det dreier seg om noko ein forfattar eller journalist har skrive, eller det er ein tekst ein skriv sjølv. Då kan elevane arbeide på ein undersøkande måte, og dei grammatikalske spørsmåla kjem opp i ein naturleg samanheng. Samskriving kan også vere ein god måte å rette merksemda mot tekst og grammatikk, då får elevane høve til å diskutere ordformer og setningsbygnad med kvarandre, og dei får øving i å bruke fagspråk.

Når elevane skriv tekstar sjølv, kjem spørsmåla om korleis ord skal skrivast eller bøyast. Om ein skal finne ut av reglane for bruken av å eller og, er ein jo nøydd til å vite kva ei infinitivsform av verbet er. Og for å finne ut om ein skal ha -er eller -ar i presens av svake verb, må ein vite noko om skilnaden mellom svake og sterke verb, og korleis ein bøyer eit verb. Og kvifor blir det gale å skrive epler og problemar på nynorsk?

Det finst ikkje éin god måte å arbeid med grammatikk på, det finst mange. Variasjon i metodar er viktig, det er ikkje éin måte å arbeide på som passar alle alltid. Arbeidet med grammatikk må kjennast relevant og nyttig, ikkje som tom kunnskap ein ikkje har bruk for. Derfor kan det vere lurt å skape eit auka medvit om både eige og andre sitt språk, om kvifor talespråk og skriftspråk er ulike, og kvifor konteksten speler ei rolle. Då må ein ha ei undrande og undersøkande tilnærming, og ikkje berre drive med pugging og drill.

Her finn du ulike grammatikkoppgåver:

Grammatikkillustrasjon Anja
Grammatikk og rettskriving

Å ha eit godt språkleg medvit er viktig, og då må vi vite noko om korleis språket som system verkar.

Nyttig lesing:

Mari Nygård, 2021: Grammatikk og grammatikkdidaktikk. Samlaget

Åshild Søfteland, 2021: «Nynorskopplæring med utforskande tilnærming til grammatikk» i Kverndokken, Bakke og Budal (red.): 101 grep om grammatikk. Fagbokforlaget, LNU.

Sigrun Askland: «Grammatikk er viktig som ein reiskap når vi treng han». LNU

Sigrunn Askland, 2019: Teacher cognition and the status of grammar teaching in Norwegian secondary schools. A study of grammar teaching practices in the school subjects Norwegian, English and Spanish (Doctoral thesis). University of Agder, Kristiansand.