Språk-duell: Ivar Aasen vs. Knud Knudsen
I 2024 vart Ivar Aasen – Ein musikal spela på Studentersamfundet i Trondheim. I ei av scenene frå musikalen kan ein sjå ein rapp-duell mellom sjølvaste Ivar Aasen og Knud Knudsen. No skal de la dykk inspirere og lage dykkar eigen språk-duell mellom Ivar Aasen og Knud Knudsen. De kan anten lage ein rapp-tekst, eit skodespel, ein video (TikTok/Reels) eller ein podkast.
Det ferdige produktet må innehalde:
- faglege argument som grunngjev dei språklege standpunkta til anten Ivar Aasen eller Knud Knudsen
- faglege omgrep som til dømes dialekt, fornorsking, skriftspråk, riksmål, landsmål, bokmål, nynorsk, nasjonsbygging, jamstillingsvedtaket, talespråk
Lengde: 2-3 minutt.
Framfør for klassen. Framføringa kan vere ferdig innspelt eller framførast direkte i klasserommet.
Kjelder de kan bruke for å innhente meir informasjon:
- Ivar Aasen – serie i to delar
- Språkhistorien på 1800-talet
- Ivar Aasen, Nynorsk kultursentrum
- Språkmannen Knud Knudsen
- Språkdebatt er jo noe av det vi liker aller best i Norge
- Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814
- Språksituasjonen i Noreg i dag – NDLA
Til læraren: Del klassa inn i grupper på 3–5 elevar. Kvar gruppe får tildelt anten Ivar Aasen eller Knud Knudsen. Gruppene skal arbeide ut frå perspektivet til sin språkperson og argumentere for dei språklege standpunkta han stod for. Dersom det er fleire grupper som vel rapp som uttrykksform, kan dei gjennomføre ein språk-duell i klasserommet.
Før elevane byrjar det kreative arbeidet, kan det vere lurt å gjennomgå dei historiske hovudlinjene i språkhistoria på 1800-talet. Sjå gjerne klippet frå musikalen Ivar Aasen for å gje elevane inspirasjon.