Ivar Aasen var ein O.G.

Monia Goksøyr foto Oda Berby komprimert til nettside
Monica Goksøyr. Foto: Oda Berby

«Ivar Aasen var ein opphaveleg – ein original – gangster. Ein original savage. Ein original barbar. Rå, brutal og omsynslaus i møte med eliten si forakt for folket si stemme.» (Monica Goksøyr)

Utgangspunktet for dette undervisningsopplegget er teksten «Ivar Aasen var ein O.G.» av Monica Goksøyr. Teksten er tilgjengeleg her: Ivar Aasen var ein O.G. (docx)

Gjennom lesestopp, refleksjonsoppgåver og skriveoppgåver får elevane utforske korleis språk heng saman med makt, identitet, status og tilhøyrsle. Opplegget legg særleg vekt på korleis Goksøyr bruker referansar frå hiphop og populærkultur for å aktualisere spørsmål om språk, identitet og makt og gjere dei relevante for elevar i dag. Alle oppgåvene er samla i ein presentasjon som de finn her:

Oppgåvene ligg òg i dette Word-dokumentet: Oppgåver til Ivar Aasen var ein O.G. (docx)

Målet med opplegget er å styrkje tekstforståinga til elevane og opne for samtalar om språkhaldningar, representasjon og identitet.  

Lesestoppa er utforma for å støtte elevane i lesinga og hjelpe dei med å forstå sentrale omgrep og resonnement i teksten, medan etterarbeidet inviterer til djupare refleksjon og analyse.  

I tillegg til nærlesingsoppgåvene finn de også forslag til ulike skriveoppgåver som elevane kan arbeide med i etterkant av lesinga. Desse oppgåvene gir elevane moglegheit til å utforske tematikken i teksten frå ulike perspektiv.  

Goksøyr bruker fleire engelske ord og uttrykk, særleg frå hiphop- og populærkulturen. Elevane kan arbeide vidare med desse orda i ei oppgåve der dei skal finne nynorske alternativ og reflektere over korleis språkval påverkar tone, identitet og bodskap i teksten. Oppgåva kan også opne for samtalar om språkblanding, slang og engelsk påverknad i ungdomsspråk og populærkultur.