Teikn livet mitt: Ivar Aasen
I dette undervisningsopplegget skal elevane arbeide kreativt og utforskande med den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i Noreg, med særleg vekt på Ivar Aasen.
Elevane skal bruke læreboka si, i tillegg til kjeldene som er lista opp under, for å skaffe seg kunnskap om Aasen og språksynet hans. Læraren kan velje om alle kjeldene skal brukast, eller om elevane kan velje nokre sjølve.
- Ivar Aasen, fagtekst henta frå Nynorsk kultursentrum
- Ivar Aasen – serie i to delar, NRK (video)
- Språkhistorien på 1800-talet, YouTube (video)
- Språksituasjonen i Noreg i dag, fagartikkel henta frå NDLA
Elevane skal lage ein såkalla “Draw My Life”-video (teikn-livet-mitt-video). Dette er ein sjanger frå You-Tube der ein fortel livshistoria til ein kjent person gjennom enkle strekteikningar, kombinert med munnleg forteljing. Elevane kan bruke tavla eller ark. Før filming bør elevane ha:
- laga ei dreiebok/disposisjon med dei viktigaste hendingane i livet til Ivar Aasen
- planlagt kva som skal teiknast, og kva som skal seiast til kvar del
Når planlegginga er ferdig, filmar elevane teikninga i eitt samanhengande opptak, til dømes med mobiltelefon eller datamaskin. Etterpå kan dei:
- justere tempoet på videoen
- leggje på forklarande lydspor
- eventuelt bruke musikk som lydspor
Læraren bør vise eitt eller fleire døme for å gje elevane eit bilete på kva teikn-livet-mitt-videoar er:
Ark til elevane
-
Kompetansemål
Undervisningsopplegget kan enkelt tilpassast både ungdomsskulen og vidaregåande skule, og er forankra i følgjande kompetansemål i norskfaget:
10. trinn
Oppgåva gjev elevane høve til å forklare den historiske bakgrunnen for bokmål og nynorsk og reflektere over statusen til dei offisielle språka i Noreg i dag, gjennom både visuelt og munnleg arbeid.
Vg1 (studieførebuande)
Elevane får arbeide med å kombinere verkemiddel og uttrykksformer kreativt i eigen tekstskaping, ved å bruke teikning, munnleg forteljing og musikk i ein samansett tekst.
Vg2 (studieførebuande)
Opplegget legg til rette for at elevane kan gjere greie for den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i Noreg i dag og bruke fagkunnskap og retoriske ferdigheiter i munnlege presentasjonar.