Bring stemma til Warsan Shire inn i klasserommet!

Warsan Shire
Warsan Shire (Foto: Leyla Jeyte)

Warsan Shire (1988) er ein britisk prisvinnande poet og forfattar som har fått mange lesarar verda over. Tekstane ho skriv, er kraftfulle og rørande og tek opp viktige tema som migrasjon, identitet, kjærleik og samfunnsutfordringar. I 2022 kom diktsamlinga Velsigne dottera. Oppdratt av ei stemme i hovudet på norsk, gjendikta av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen. Eit av dei første dikta heiter «Heim», og ved å jobbe med dette diktet får elevane innsikt i ei menneskeleg erfaring som kan opne opp for viktige refleksjonar kring menneskeverd og det å vere flyktning.

Her er eit framlegg til ein metode å arbeide med diktet «Heim» på. Presentasjonen vender seg direkte til elevane og viser kva dei skal gjere, steg for steg. I boka Norskdidaktikk (2014) argumenterer Henning Fjørtoft for denne måten å arbeide med eit dikt på i staden for at læraren stiller med ei ferdig tolking av diktet som han/ho prøver å få elevane med på. Her må elevane gjere tolkingsarbeidet sjølve.

Mange tider må vi lese eit dikt fleire gonger før vi synest vi får eit grep om det, og synest at vi forstår det. Vi treng ikkje nødvendigvis skjøne alt i eit dikt, det kan likevel engasjere eller røre ved kjenslene våre.

Elevane må få kvar sin kopi av diktet, slik at dei kan notere undervegs. Start økta med at læraren les diktet høgt i klassen. Når dokker les diktet høgt første gong, strekar elevane under ord eller ordsamansetningar dei undrar seg over eller synest er vanskelege å forstå, eller noterer assosiasjonar dei får. Vis gjerne elevane korleis ditt eige ark kan sjå ut når du har notert på diktet, slik at du modellerer for elevane. Denne framgangsmåten høver ikkje berre for dette diktet, men han kan brukast på mange andre dikt og tekstar.

Heimpresentasjon
Diktet «Heim» av Warsan Shire (PowerPoint-presentasjon)

Her finn dokker ein presentasjon som viser eit døme på korleis dokker kan jobbe med diktet steg for steg i klasserommet.

Diktet «Heim» (s. 16) kan dokker sjå her, eller låne diktsamlinga på biblioteket.

Her ein engelsk versjon av første del av diktet «Heim». Diktsamlinga Eg lærer mor mi å føde finst også på norsk.

Fleire oppgåver

  1. Diktet «Heim» er eit prosadikt. Kva ligg i eit slik omgrep? Kva skil prosadikt frå andre typar dikt?
  2. Kva funksjon får anaforane, gjentakingane av ordet «ingen»?
  3. Kven er det lyriske subjektet i diktet? Korleis endrar det seg gjennom diktet? Kva funksjon får denne endringa? Diktet vender seg til eit du. Kven er dette du-et?
  4. Tittelen på diktet er «Heim». Kva slag bilete av ein heim kjem fram i diktet?
  5. «Heimen er munnen til ein hai» blir gjentatt to gonger. «Heime er løpet til eit våpen», «heimen er ei stemme i øyret». Kva slags retorisk figur er det vi møter her? Kva meiner du dette kan tyde?
  6. Diktet har mange kontrastar. Finn døme på slike, og vurder kva funksjon dei har.
  7. Nokre setningar er markerte med kursiv. Kven er det som snakkar der?
  8. Den norske og den engelske versjonen av diktet har ulikt oppsett. Diskuter med medeleven din om denne skilnaden gjer at vi oppfattar diktet annleis.

Korte skriveoppgåver

  1. Kva er skilnaden mellom ein heim og eit husvære?
  2. Kva kjensler knyter du til det å kjenne deg heime?
  3. I Håvamål lyder strofe 37 slik: Eit lite bu / er betre enn inkje, / heime er kvar mann herre. / Hjarta bløder/ når beda du skal / um mat til kvart eit mål.
    Samanlikn denne strofa med diktet «Heim».
  4. «Eg er ikkje velkommen», står det i diktet. Kva skal til for at nokon som kjem flyttande til heimstaden din, skal kjenne seg velkommen, trur du?
  5. Skriv eit intervju med ein person som ikkje opphavleg kjem frå heimstaden din. Korleis kjente han/ho seg mottatt då han/ho kom?
  6. Diktet seier noko om kvifor folk flyktar. Skriv ein tekst der du reflekterer over grunnane til at folk legg på flukt.
  7. Reisa er eit mykje brukt motiv, t.d. i eventyra. Helten må forlate heimen og ut i verda for å overvinne frykt og kjempe mot trollskap. Hen treng assistanse frå gode hjelparar før hen kan vende heim, vinne prinsessa/prinsen og slå seg til ro. Skriv ei moderne forteljing med denne strukturen.

Lange skriveoppgåver

  1. Skriv ein fagartikkel der du gjer greie for modernistiske trekk i diktet og drøftar korleis diktet er samfunnskritisk. Bruk konkrete døme frå teksten.
  2. Skriv eit essay der du utforskar og reflekterer over innhaldet i diktet.

Hugs å føre opp kjeldene du bruker.