Arbeid med Eit anna blikk

Eit anna blikk til nettside

Forteljinga i Eit anna blikk av Erlend Skjetne startar på mørkaste vinteren, og vi følgjer eg-personen Anwar frå Afghanistan. Han er nykomen til eit mottak i ei lita bygd i Nord-Noreg, og han er i dårleg fysisk form på grunn av sjukdom. Ein dag kjem Walid. Dei to gutane deler rom, og på mottaket bur mange unge menn frå Afghanistan. Det blir utfordrande for Anwar og Walid å dele eit rom som er så lite. Sjølv om dei to gutane kjem frå same landet, er dei veldig ulike, men etter kvart utviklar det seg ein vennskap mellom dei to. Dei blir sitjande altfor mykje på rommet utan noko å ta seg til. Romanen skildrar stillstanden og tilstanden på mottaket, tida går uendeleg sakte. Det blir mykje venting på at noko skal hende, men mest av alt på brevet frå UDI med avslaget om opphald. Og dei ventar på at våren skal komme.

Erlend Skjetne er vinnar av Brageprisen 2021 i kategorien for beste barne- og ungdomslitteratur.

Nokre tekstar dokker kan trekke inn i arbeidet med Eit anna blikk:

Kompetansemål SF1, YF2

  • reflektere over hvordan tekster framstiller møter mellom ulike kulturer
  • lytte til andre, bygge opp saklig argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjoner
  • lese, analysere og tolke nyere skjønnlitteratur på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk

Slik kan ein arbeide med romanen:

  1. Før lesinga startar: Sjå saman på bokomslaget. Kva viser bildet? Kva signaliserer tittelen? Kva trur dokker romanen kan handle om?
  2. Les dei fire første kapitla (s. 9–15) høgt saman. Elevane samtalar i grupper om kva inntrykk dei får av personar og miljø i starten av romanen, og kva forventningar dei har til den vidare handlinga. La alle få tre minutt til å tenke seg om og notere nokre stikkord før alle etter tur seier noko i ei gruppe på tre–fire personar. Deretter blir gruppa samde om kva dei skal seie samla frå gruppa til ei klasseoppsummering. Understrek at det ikkje finst fasitsvar, men at dei ulike oppfatningane bør ha utgangspunkt i den litterære teksten.
  3. Les vidare i romanen, høgt eller stille.
  4. Gje elevane ulike lesebestillingar, der dei får i oppdrag å sjå etter særskilde ting medan dei les. Elevane kan arbeide individuelt, i par eller i grupper.
    1. Nokre elevar får i oppdrag å gjenfortelje dei viktigaste hendingane i romanen.
    2. Elevane kan følgje med kvar sine personar – Anwar, Walid, Isbjørnen, Hege, Håkon eller Synnøve – for å danne seg eit best mogleg inntrykk av personane. Legg merke til kva teksten skriv om dei ulike personane.
    3. Nokre elevar kan sjå på miljøskildringar. Korleis er det på mottaket? I bygda? På skolen?
    4. Nokre elevar kan få i oppdrag å sjå nærare på språket i romanen. Korleis endrar språket til Anwar seg etter kvart som han blir betre til å skrive norsk?
    5. Finn nokre gode sitat som dokker kan lese høgt i samla klasse etterpå. Kva likte dokker med desse sitata?
  5. Når dokker er ferdige med å lese, legg elevane fram det dei har funne ut etter tur, enten i gruppa si eller i samla klasse. Det fungerer også fint å stoppe opp halvvegs i lesinga og samtale om kva ein har funne ut til nå.
  6. Reflekter over om desse framlegga fører til at dokker får ei djupare forståing av romanen. Er det noko ved romanen dokker er usamde om eller tolkar ulikt? Kva likte dokker i forteljinga, og kva likte dokker ikkje? Grunngje svara.
Erlend Skjetne01 til nettside
Erlend Skjetne vann Brageprisen 2021 i kategorien for beste barne- og ungdomslitteratur.

Spørsmål til Eit anna blikk:

  1. Kvifor trur dokker at Anwar blir interessert i det samiske og tenker at det hadde vore bra om han fekk ei samisk kone?
  2. Finn ut om ulike folkegrupper i Afghanistan, og kva slags posisjon dei har i høve til kvarandre.
  3. Korleis bruker Skjetne språket i replikkane for å skildre korleis Anwar og Walid lærer seg norsk?
  4. Anwar tenker: «Skal ein lære noko som helst, må ein ha ei viss ro i kroppen. Ikkje minst bør ein ha trua på at skulen spelar ei rolle, på at det ein lærer, ikkje vil vere bortkasta» (s. 32). Diskuter dette sitatet.
  5. I kapittelet Doktorgrad i filosofi (s. 65–66) tenker Anwar på kva det vil seie å miste nokon. Les kapittelet på nytt, og diskuter kva dokker meiner det inneber å miste nokon.

Skriveoppgåver:

  1. Skriv ein bokpresentasjon av romanen. Du kan bruke vedlagde skjema om du vil.
  2. Anwar skriv romanen som eit brev til Walid. Tenk deg at Anwar og Walid møtest igjen etter ti år. Kva snakkar dei om? Skriv dialogen.
  3. Anwar tenker: «Er det overhovudet mogleg å finne heilt fram til kvarandre over alle kulturelle vidder og språklege fjell, gjennom dalar av misforståingar og kløfter av feiltolkingar, mellom to land så forskjellige som Noreg og Afghanistan?» (185). Kva meiner du om dette Anwar tenker på?
  4. «Trass i det store mørkeret såg eg litt av kvart gjennom vindauget på rommet vårt. For eg sat no der, alle ettermiddagane etter dei altfor korte skuledagane, og alle dei uendeleg lange helgedagane, dei såkalla fridagane. Fri frå kva? Å gå på skulen var fri. Til og med å gå i ring rundt fotballbanen var fri samanlikna med å sitte på det tronge rommet og fortape seg i tankar» (s. 41). Korleis opplever du å ha fri?
  5. Anwar skildrar rommet Walid og han bur på (s. 21–22). Korleis vil du skildre rommet ditt?
  6. «Men om eg liker jula, sånn for min eigen del? Eg avskyr ho. Iallfall avskydde eg jula på mottaket, to endelause veker då absolutt ingenting hende» (s. 72). Skriv ein tekst om forholdet ditt til jula.