• Blogg
  • Ytring: Altfor god i norsk?

Ytring: Altfor god i norsk?

25.10.2021

Erlend Skjetne01 til nettside

Eg ville skrive ein roman om einslege mindreårige asylsøkjarar frå Afghanistan. Men i kva slags språkdrakt?

Tekst: Erlend Skjetne
Foto: Leikny Havik Skjærseth

I august i år gav eg ut romanen Eit anna blikk. Boka er tenkt for ungdommar i vidaregåande, eventuelt ungdomsskulen. Ho handlar om to unge gutar på eit asylmottak i Nord-Noreg. Forteljaren Anwar er skuleflink og glad i bøker og språk; Walid er opprørsk, sjarmerande og god i fotball. Mot alle odds blir dei vener, desse to.

Meldingane av boka har vore litt blanda, men stort sett positive. Eit ord som har gått att, er «ambisiøs». Eigentleg forstår eg ikkje kva som er så ambisiøst med å vilja skrive ei ungdomsbok om unge flyktningar. Tematikken er ei gåvepakke til forfattaren, det er så mykje ein kan ta tak i. Det meldarane kan ha rett i, er at det er vanskeleg for ein norsk forfattar å gje eit truverdig språk til unge flyktningar.

Kebabnorsk

Det finst etter kvart nokre svært gode norske romanar som gjer bruk av talemålet til ungdommar i visse sosiale lag i Oslo, sosiolekten kebabnorsk. Maria Navarro Skarangers Alle utlendinger har lukka gardiner, Zeshan Shakars Tante Ulrikkes vei og Gulraiz Sharifs Hør her’a er gode døme. På den svenske ekvivalenten, rinkebysvensk eller shobresvensk, finst til dømes Jonas Hassen Khemiris Ett öga rött.

Mykje å strekkje seg etter, altså. Men samstundes er det jo slik at kebabnorsk på ingen måte er nybyrjarnorsk. Brukarane av kebabnorsk er gjerne unge menneske som er oppvaksne i Noreg, og språkføringa deira kan vera svært stilsikker. Ikkje minst kan mange ungdommar kodeveksle, det vil seia byte mellom ulike språkvariantar etter kva som høver situasjonen.

Kjem ein til Noreg som flyktning i ungdomstida, er det derimot gjerne eit standardisert norsk språk ein får lære, både munnleg og skriftleg.

Nybyrjarnorsk

Som norsklærar for innvandrarar ved ei kommunal vaksenopplæring møter ein på nokre dilemma. For ein nynorskbrukar er det sjølvsagt litt smertefullt å arbeide i ein språknøytral kommune der bokmål er bruksspråket. Kanskje kunne eg ha insistert på å bruke nynorsk i klasserommet, men det ville ha vorte komplisert for elevane når dei andre lærarane deira bruker bokmål. Eg synest at nykomne innvandrarar bør få vente nokre år før dei blir påtvinga den norske språkstriden. Eit anna stort spørsmål gjeld dialekt: Der eg arbeider, er dei fleste i kollegiet trønderar, men lærebøkene vi nyttar, er på bokmål. Vi prøver å gjera elevane kjende med både skriftspråk og dialekt, men det er ein vanskeleg balansegang, og kanskje fokuserer vi for mykje på skriftspråket.

Kva så med dei unge afghanarane i romanen? Eg sysla lenge med ei tredjepersonsforteljing, men slo det til slutt ifrå meg – det vart for upersonleg. Eg ville ha ei sterk røyst i boka, ein forteljar som kunne setja eit tydeleg preg på historia. Forteljaren måtte altså vera ein ung flyktning. Men korleis bør romanspråket vera, når forteljaren er ny for det norske språket?

Her må det påpeikast at mange unge flyktningar lærer norsk utruleg fort, ikkje minst gjennom praktisk bruk og det å vera i lag med jamaldringar. Men likevel tek det tid å gjera språket heilt til sitt eige, og i vaksenopplæringa – der elevane kan vera nede i ca. 16 års alder – blir læraren konfrontert med ein del variantar av det norske språket som er temmeleg fjernt frå norma.

Eit anna blikk til nettside
Eit anna blikk er den første ungdomsromanen til Erlend Skjetne. (Omslagsdesign: Ellen Lindeberg og Egil Haraldsen)

Kven si røyst?

Eg følte ikkje at eg kunne skrive heile boka på ei slik form for «nybyrjarnorsk». Faren er at ein endar med å latterleggjera dei ein skriv om, og eg ville skrive med respekt.

Til sjuande og sist fekk eg-forteljaren Anwar eit kanskje altfor godt språk. Eg prøvde å gjera det heile meir realistisk, ved å leggje inn ein liten vri der Anwar sender historia si til læraren for ein språkvask, før ho skal ut i verda. Innimellom dukkar det opp tekstar i boka som han skreiv på skulen då han var endå ferskare i norsk, og der er nivået noko lægre.

Kor godt det har fungert å gjera det såleis, kan openbert diskuterast. Det rettaste hadde vore om ein einsleg mindreårig asylsøkjar sjølv skreiv ein roman, om livet sitt og alt han elles måtte ha på hjarta. Men førebels kjenner eg ikkje til akkurat slike romanar på norsk, så difor ynskte eg å gjera eit forsøk sjølv. Eg trur at historia er viktig, same kven som fortel ho.