Arbeid med romanen Eit anna blikk
I dette undervisningsopplegget skal elevane arbeide med ungdomsromanen Eit anna blikk (2021) av Erlend Skjetne. Tanken er at heile klassen les romanen, og ein kan gjerne veksle mellom høgtlesing og lydbok. Elevane svarer på tenke- og hugsespørsmål til romanen undervegs, skriv ein kreativ tekst som ligg nært opp mot romanen i tematikk, og reflekterer saman i grupper om sentrale spørsmål. Perioden blir avslutta med ein fagsamtale.
Gjennom arbeidet med undervisingsopplegget får elevane ta i bruk sentrale norskfaglege omgrep som tematikk, miljøskildringar, språklege verkemiddel, komposisjon og forteljarinstans. Nærlesing av romanen og arbeidet med oppgåvene kan hjelpe elevane med å utvikle forståing og empati for menneske i ein vanskeleg livssituasjon og å sjå på samfunnet med eit skråblikk.
Boka finst tilgjengeleg som lydbok, mellom anna i Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur, Bookbites, biblioteket i Skolenmin og liknande stader.
Opplegg og skriveoppgåver
- Undervisningsopplegg (docx)
- Skriveoppgåve til Eit anna blikk (docx)
- Eit anna blikk – Temaduk (docx)
Undervisningsopplegget er utvikla av lærar Daniel Løberg-Klausen ved Tomasskolen kristne grunnskole i Trondheim. Det eignar seg både for elevar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen.
Kompetansemål
- lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og reflektere over formål, innhald, sjangertrekk og verkemiddel i tekstane
- samanlikne og tolke romanar, noveller, lyrikk og andre tekstar ut frå historisk kontekst og eiga samtid
- beskrive og reflektere over eigen bruk av lesestrategiar i lesing av skjønnlitteratur og sakprosa
- utforske og reflektere over korleis tekstar framstiller livssituasjonen til unge
- kjenne att og bruke språklege verkemiddel og retoriske appellformer
- bruke fagspråk og argumentere sakleg i diskusjonar, samtalar, munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar om norskfaglege og tverrfaglege tema
- skrive tekstar med funksjonell tekstbinding og riktig teiknsetjing og meistre rettskriving og ordbøying på hovudmål og sidemål
- uttrykkje seg i ulike sjangrar og eksperimentere med sjangrar på kreative måtar