Arbeid med boka Hjartespreng
I dette undervisningsopplegget skal elevane arbeide med ungdomsromanen Hjartespreng (2023) av Inger Johanne Sæterbakk. I tillegg skal dei også lese andre tekstar som tek for seg dei same temaa. Tanken er at heile klassen skal lese boka, og at ein kan veksle mellom høgtlesing og lydbok. Det er lagt opp til ulike stopp undervegs. Her skal ein både nærlese utdrag frå teksten, skrive sjølv, diskutere, reflektere og til slutt skrive eit essay.
Undervisningsopplegget er utvikla av lærarane Ida Lovise Bøe og Karin Ryen ved Steinkjer vgs. Det eignar seg både for elevar i ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen. Opplegget går nærmare inn på språklege verkemiddel, synsvinkel, miljøskildring og personkarakteristikk. Medan dei les, skal elevane notere ned verkemiddel dei finn i teksten og kva funksjon dei har.
Ein står fritt fram til å bruke opplegget slik ein sjølv vil. Tanken bak er at ein skal få ei fin leseoppleving saman, at elevane skal lese eit heilt verk, og ikkje minst at dei skal bli godt kjende med faglege omgrep.
Skjema til verkemiddeljakt: Verkemiddeljakt (docx)