Eit undervisningsopplegg om Aina Bassos romanar for ungdom og unge vaksne

Her viser vi eit døme på korleis ein kan jobbe med ein litterær tekst munnleg i klasserommet og/eller som utgangspunkt for skriveoppgåver. Ein kan velje om ein vil lese ei eller fleire av bøkene til Aina Basso eller berre det vedlagde utdraget frå Inn i Elden. Ein kan sjølvsagt arbeide med andre litterære tekstar på liknande måte. Romanane til Aina Basso eignar seg også for fordjupings­arbeidet i norsk, enten som eit forfattarstudium eller i tematiske studium. Ein kan også la Bassos bøker gå inn i eit tverrfagleg arbeid saman med samfunnsfag eller historie, til dømes om hekseprosessane i Noreg eller om situasjonen for romanifolket.

Munch lagmannsretten kvadrat
Ungen – å arbeide med fleire kjelder

Ungen (2019) av Aina Basso og Ungen (1911) av Oskar Braaten har fleire ting felles, men det er også mykje som skil dei. Å arbeide samanliknande med to tekstar som heiter det same, men som har kome ut med over hundre års mellomrom, kan vere spennande.

Inn i elden
Inn i elden: Ein litterær samtale i klasserommet

Slik kan de bruke eit utdrag frå romanen Inn i elden som utgangspunkt for ein litterær samtale i klasserommet.

Skrivejente
Kreativ skriving med utgangspunkt i Inn i elden

La elevane hente ord og inspirasjon frå Aina Basso når dei skal skrive eigne tekstar.

Aina Basso Foto Tove Breistein
Tolkingsoppgåver og saktekstar

Nokre framlegg til arbeid med saktekstar og tolkingsoppgåver med utgangspunkt i romanar og essay skrivne Aina Basso.

Bassoomslag kvadrat
Utforskande spørsmål

Desse spørsmåla til romanane til Aina Basso kan de samtale om i grupper eller i samla klasse.

Undervisningsopplegget kan passe til desse kompetansemåla etter vg1 SF og vg2 YF:

  • Lese, analysere og tolke nyere skjønnlitteratur på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk
  • reflektere over hvordan tekster framstiller møter mellom ulike kulturer
  • kombinere virkemidler og uttrykksformer kreativt i egen tekstskaping

Aina Basso har ein eigen blogg: http://ainabasso.blogspot.no/ Her skriv ho om bøkene sine, og ho har eigne sider som er meinte for skoleelevar.

Kort om forfattarskapen

Aina Basso skriv historiske romanar og legg forteljingane sine tilbake i tid. Hendingane går føre seg på 1600-talet, 1700-talet eller på midten av 1800-talet. Ho tar utgangspunkt i historiske kjelder, men sjølve forteljinga er fiksjon. Hovudpersonane hennar er unge jenter/kvinner som har hamna i spesielle situasjonar og har nokre utfordringar. To av jentene, Maria i Fange 59. Taterpige og Hanna i Finne ly, har taterbakgrunn, og dei må klare seg sjølv langt unna familien sin. Dei har vanskar med å slå seg til ro og er veldig sårbare, men samtidig sterke. Det same er Elen i Inn i elden og Ingeborg i Ingen må vite. Kjærleik og forelsking har sjølvsagt også ein sentral plass i bøkene.

Problemstillingane Basso tar opp, er aktuelle også i vår tid. I romanane møter vi unge menneske på leit etter ein identitet og etter å høyre til. Lesaren kjem nær på personane. I to av bøkene, Inn i elden og Finne ly, er det to eg-forteljarar. Dei to andre, Ingen må vite og Fange 59. Taterpike, har tredjepersonsforteljar.

Fem romanar og eitt essay

  • Ingen må vite (2008). Handlinga er lagd til 1734. Ingeborg er hovudperson, og ho blir utsett for overgrep av stefaren.
  • Fange 59. Taterpige (2010). Handlinga er lagd til 1749. Maria er taterjente, blir arrestert og kjem på tukthus. Seinare blir ho tenestejente i ein rik familie.
  • Inn i elden (2012). Handlinga er lagd til 1621. Elen bur i Vardø, er 16 år og blir skulda for hekseri. Her møter ho Dorothe frå København som er like gammal og gift med futen. Ein dag møtest vegane deira.
  • Finne ly (2014). Handlinga er lagd til 1849. Taterjenta Hanna får seg teneste hos ein gammal bonde og dei to vaksne sønene hans.
  • Ungen (2019): Anna og Pauline tar imot fleire pleiebarn mot betaling. Dei kan tene meir pengar om ungane ikkje lever så lenge, og dei gjer sitt til at ungane døyr. Historia er lagd til om lag 1900 og er inspirert av ei rettssak, «Pleiemødre-Sagen».

Eit essay om den finsk-nordnorske bakgrunnen til Aina Basso: Plukke bær på Ullhovudmyra

Andre ressursar om romanane

Undervegsvurdering

Skriveoppgåvene skal fremme læring og hjelpe elevane til å utvikle seg som skrivarar. Oppgåvene skal også hjelpe elevane til å nå kompetansemåla i læreplanen. Dette krev også god jobbing med undervegsvurdering, jf. §3.10 i forskrift til Opplæringslova.

  • Elevane skal forstå kva dei skal lære (ikkje kva aktivitet dei skal gjere) og kva som blir forventa av dei. Gjer klart for elevane kva som krevst av oppgåva og kva som vil bli vurdert. Det kan vere lurt å vise dei ein eksempeltekst eller å gje dei nokre rammer for skrivinga.
  • Elevane bør få tilbakemeldingar undervegs i skriveprosessen som fortel om kvaliteten på arbeidet dei gjer. Tilbakemeldinga må tilpassast elevgruppa og den einskilde eleven. Læraren og/eller eleven kan velje tre fokuspunkt som eleven har spesielt bruk for å arbeide med og få tilbakemelding på.
  • Elevane skal ha råd om korleis dei kan skrive betre. Ver konkret, og ikkje be elevane gjere alle endringar med ein gong. Tilbakemeldinga må vere forståeleg for elevane, og det er viktig med ein god dialog. Når elevane opplever at skriveprosessen gjer at sluttproduktet blir betre, aukar det motivasjonen for å endre teksten undervegs.
  • Elevane skal vere involverte i si eiga læring gjennom å vurdere eige arbeid og eiga faglege utvikling. Elevane kan reflektere over eiga skriving og kva tankar dei gjer seg undervegs. Dei kan godt skrive kommentarar i margen.

Meir om undervegsvurdering finn du hos Udir: Fire prinsipper for god underveisvurdering

Du finn meir om respons på elevtekstar hos Skrivesenteret: Fem teser om funksjonell respons på elevtekster