Utforskande spørsmål
Vel ein av romanane til Aina Basso som elevane kan arbeide med. Desse spørsmåla til romanen kan de samtale om i grupper eller i samla klasse. Det går sjølvsagt også an at elevane arbeider med dei skriftleg.
- Kva er typiske trekk for den tida Basso skildrar i den romanen de har valt?
- Kva i desse forteljingane gjer at vi ser at forteljinga er lagd tilbake i tid?
- Er det historiske berre ei kulisse?
- Romanane til Basso handlar om jenter som på ulike måtar er utanfor. Kva vil det seie å vere utanfor? Korleis kjem dette fram i teksten? Har desse jentene fått ei offerrolle?
- Aina Basso seier på youtube: «Eg ønskjer at lesarane skal føle noko, at dei skal ha forflytta seg i tid og rom til ei tid som ikkje er vår. Så håper eg at dei får ny kunnskap og nye tankar om korleis det er å vere annleis, korleis det er å skilje seg ut og vere del av ein minoritet.» Korleis kan Aina Bassos romanar vere aktuelle i dag?