Inn i elden: Ein litterær samtale i klasserommet

Inn i elden omslag

Bruk eit utdrag frå romanen Inn i elden. De kan til dømes bruke kapittel 30 og 31 som vi har lagt ved her. I utdraget møter vi 15 år gamle Elen frå Kiberg, som er eldste dotter av ei einsleg mor med mange barn. Mora har lært ho kunsten å stoppe blod, og nå får ho bruk for det ho har lært. Vi møter også Dorothe frå København, ei 16 år gammal, gift jente frå den danske overklassen. Ein dag treng ho hjelp av Elen.

  • Les utdraget høgt i klassen. Elevane bruker aktiv blyant, og skal streke under noko dei legg merke til, undrar seg over eller ikkje forstår.
  • Deretter skal elevane arbeide i grupper på tre, snakke saman om det dei har notert seg i teksten, og lese teksten ein gong til. Målet med gruppesamtalen er å kome lenger inn i teksten, forstå meir eller ha fleire spørsmål.
  • Elevane skal kort legge fram det dei har notert seg i plenum. Alle elevar må seie éin ting kvar om teksten. Summer opp i samla klasse, men utan at læraren kjem med «fasit», det er viktig at tankane og innspela til elevane skal opplevast som relevante.

Hjelpespørsmål: Desse spørsmåla kan læraren ha i bakhand og gje til elevar/grupper som synest det kan vere vanskeleg å komme i gang, eller dei kan delast ut til alle. Men spørsmåla verkar meir styrande for samtalen mellom elevane, og ein bør vurdere om ein ønskjer den styringa, eller om det er betre at elevane diskuterer fritt ut ifrå teksten.

  • Kva får vi vite om Elen i dette utdraget? Kan vi skape oss eit inntrykk av ho på grunnlag av dette kapittelet?
  • Er det noko i tekstutdraget som peikar framover mot kva som skjer med Elen?
  • Kva tenker Elen om Dorothe?
  • Korleis reagerer Dorothe på det som har hendt?