Ungen

Munch lagmannsretten
Edvard Munch, Pleiemødre i lagmannsretten (1902). Foto: Munchmuseet
Ungen

Ungen er ein historisk roman der hendingane er lagde til åra rundt 1900. Basso skriv om miljøet rundt Hjula veveri ved Akerselva i Oslo. Mange unge jenter hadde arbeidsplassen sin på dette veveriet, og mange av dei hamna i «ulykka». Oskar Braaten skriv om det same miljøet i skodespelet Ungen frå 1911. Desse to litterære tekstane har fleire ting felles, men det er også mykje som skil dei. Å arbeide samanliknande med to tekstar som heiter det same, men som har kome ut med over hundre års mellomrom, kan vere spennande. Ei tverrfagleg undervisning i norsk, historie og kunsthistorie er også mogleg. Her finn du ulike kjelder du kan bruke i eit slikt arbeid.

Kjelder til arbeid med romanen Ungen

Spørsmål til Ungen av Aina Basso

  1. Korleis vil du karakterisere Anna? Korleis utviklar forholdet mellom ho og Pauline seg?
  2. Kva grunnar kan du finne til at Anna vel å gjere som ho gjer?
  3. Korleis vil du skildre miljøet hendingane er lagde til?
  4. Skodespelet Ungen av Oskar Braaten har fleire likskapstrekk med Ungen av Aina Basso, særleg når det gjeld miljø. Kva er likt i dei to litterære tekstane?
  5. Hønse-Lovisa er ein sentral karakter hos Braaten, og ho er ganske annleis enn Pauline og Anna. Korleis?
  6. Kva bilde gir revysongen «Hjula veveri» av fabrikkjentene? Er det annleis enn det inntrykket du får i Aina Bassos Ungen?

Undersøk

Finn fakta om Hjula veveri (1855–1957).

Finn ut korleis arbeidstilhøva for fabrikkarbeidarar var rundt 1900.

Finn ut meir om rettssaka mot pleiemødrene i 1901.

Skriveoppgåver

  1. Tenk deg at du er ei ung jente som arbeider på Hjula veveri rundt 1900, og at du har eit lite barn som du er aleine med. Skriv ei skildring av korleis ein dag i livet ditt er.
  2. «Eg løftar forsiktig ut dei to krystallglasa, viklar dei ut av fillene. Studerer dei i lyset, dei vakre utskjeringane. Dei er heldigvis like heile, ikkje eit skal. Elles skulle guteslampane fått. Koppane og fata er òg heile, og sølvbestikket skin som sist eg såg det. Lenge sidan no, som i eit anna liv» (Basso: Ungen s. 202). Her pakkar Anna ut gjenstandar frå kista si som ho har med seg frå barndomsheimen. Ho pakkar også ut ein rosemåla bolle som far hennar har laga, og ein duk som mora hennar har brodert. Skriv om ein gjenstand du eig, som betyr mykje for deg, og kvifor du er så glad i han.
  3. Skriv ein bokpresentasjon av Aina Bassos Ungen. Du kan bruke denne skriveramma om du vil.
  4. Skriv ei nyhendemelding basert på slutten av romanen der politiet dukkar opp heime hos Anna og Martha.
  5. På slutten av romanen blir Anna arrestert og sett inn i svartemarja med handjern på (s. 261–262). Skriv dialogen mellom ho og politimennene på veg til arresten.
  6. Skriv ei forteljing / ei novelle / eit eventyr om noko du opplevde for nokre år sidan. Du kan starte slik: Då eg var ein liten gut / ei lita jente, hendte det ein dag ...
  7. Skriv ei tolking enten av måleriet til Edvard Munch eller skulpturen til Ellen Jacobsen.

Læreplanmål

Her er nokre av læreplanmåla i K20 i norsk og historie som kan passe i denne samanhengen.

Vg 1 SF norsk:

  • greie ut om og drøfte norskfaglige eller tverrfaglige temaer muntlig
  • skrive fagartikler som greier ut om og drøfter norskfaglige eller tverrfaglige temaer

Vg 3 SF norsk:

  • utforske og reflektere over hvordan tekster fra den realistiske og den modernistiske tradisjonen framstiller menneske, natur og samfunn
  • analysere uttrykksformer i sammensatte tekster i ulike medier og vurdere samspillet mellom dem
  • skrive essay som utforsker og reflekterer over innhold i tekster
  • skrive litterære tolkninger og sammenligninger

Vg 3SF og VG3 påbygging historie:

  • reflektere over hvordan fortolkninger av fortiden er preget av nåtidsforståelse og forventninger til framtiden
  • sammenligne ulike framstillinger av en hendelse og reflektere over at historiske framstillinger preges av opphavspersonens ståsted og kontekst
  • reflektere over hvordan teknologiske omveltninger fra den industrielle revolusjonen til i dag har endret menneskers liv og formet forventninger til framtiden
  • gjøre rede for velferdsutviklingen i Norge på 1900-tallet og drøfte konsekvenser for menneskers liv

Vg 3 påbygging norsk:

  • analysere og tolke romaner, noveller, drama, lyrikk og sakprosa på bokmål og nynorsk fra 1850 til i dag og reflektere over tekstene i lys av den kulturhistoriske konteksten og elevens egen samtid
  • utforske og reflektere over hvordan tekster fra den realistiske og den modernistiske tradisjonen framstiller menneske, natur og samfunn
  • skrive litterære tolkninger og sammenlikninger
  • analysere uttrykksformer i sammensatte tekster i ulike medier og vurdere samspillet mellom dem