Tolkingsoppgåver og saktekstar

Aina 20 Basso 202010
Forfattar og historikar Aina Basso. Foto: Tove K. Breistein

Finn eit utdrag frå ein av romanane til Aina Basso, eller bruk det vedlagde utdraget frå Inn i elden.

  1. Gje ein karakteristikk av hovudpersonen, og sjå på ytre skildringar, indre tankar og korleis personen utviklar seg.
  2. Hovudpersonane i bøkene til Basso lever ikkje isolert, men bur saman med andre i ei bygd eller ein by. Skriv om korleis det fysiske og sosiale miljøet blir skildra.
  3. Skriv om korleis synsvinkelen og forteljarposisjonen blir brukt i den romanen du jobbar med. Kva verknad får ein slik synsvinkel for korleis vi oppfattar personane i romanen?
  4. Skriv ein artikkel om kva det tyder å skrive historisk litteratur, og kva fordelar og utfordringar det har å legge historier tilbake i tid.
  5. Aina Basso seier på youtube: «Eg ønskjer at lesarane skal føle noko, at dei skal ha forflytta seg i tid og rom til ei tid som ikkje er vår. Så håper eg at dei får ny kunnskap og nye tankar om korleis det er å vere annleis, korleis det er å skilje seg ut og vere del av ein minoritet.» Vurder kva verdi det har å lese om folk som lever i ei anna tid eller på ein annan stad enn vår.
  6. Romanifolket/dei reisande har status som nasjonal minoritet. Gjer greie for kva det inneber, og kva det har å seie for rettane deira. Bruk gjerne denne lenka: Nasjonale minoriteter (Regjeringen.no)
  7. I essayet «Plukke bær på Ullhovudmyra» skriv Aina Basso om oldeforeldra sine og bestemora, og korleis dei kom frå Finland og slo seg ned i Aust-Finnmark. Skriv eit essay om ein av dine slektningar og heimplassen hennar/hans. Argumenter for kvifor andre bør reise dit og oppleve denne staden.