Kreativ skriving med utgangspunkt i Inn i elden

La elevane lese det vedlagde utdraget frå Inn i elden.

Skrivejente utsnitt

Førskrivingsarbeid

Bruk litt tid på å finne fram til ord elevane kan bruke i ein eigen tekst. Ein kan finne ord i Bassos tekst ein har lyst til å bruke, eller prøve å setje saman ord på nye måtar. Prøv om de kan lage nokre eigne metaforar eller andre litterære bilde. Alle elevane skriv eit ord eller eit uttrykk på tavla. Desse orda kan alle bruke så mange dei vil av i sin eigen tekst når han/ho skriv sjølv.

(Døme på ord ein kan finne i Bassos tekst: «Det lukta uvant», «noko kvalmande søtleg», «ein kvalm desperasjon», «ei sur mine om kjeften», «fjøstrammen», «lese formularet», «raudsprengde», «ei fluge stangar iherdig», «mirakel», «eg slikkar dei», «Ho er ikkje som andre».)

Kreative skriveoppgåver

Her kan elevane skrive både kortsvarsoppgåver og langsvarsoppgåver. Bruk gjerne skriverammene vi har laga: Skriverammer (PDF)

  1. Tenk deg at du var ei ung jente eller ein gut på 1600-talet og blei skulda for å ha spesielle evner og for å vere heks. Korleis opplever du situasjonen?
  2. Tenk deg at du er tenestejente eller -gut hos ein rik familie, du har tungt arbeid og lange arbeidsdagar. Korleis er kvardagen din?
  3. Tenk deg at du er eldst av mange søsken i ein fattig familie. Kva ansvar og arbeidsoppgåver har du?
  4. Du kjem frå ein fattig familie og er forelska i ei jente eller ein gut i ein rik familie. Han eller ho liker også deg. Kva utfordringar har dette forholdet?
  5. Kva ville du ha gjort om du kom bort frå familien din og måtte klare deg heilt åleine på ein ukjent stad?
  6. Du har ein løyndom som du ikkje vil at andre skal få greie på. Skriv om korleis du klarer å halde han for deg sjølv.
  7. Ein tidsmaskin fører deg tilbake til 1700-talet og dumpar deg ned på torget i ein framand by. Skriv ei skildring av folkelivet, syns- og høyrselsinntrykk og korleis det luktar der.