Litterære oppgåver og skriveoppgåver til «Utpå Stupe» av Olav Duun

Olav Duun 1936
Olav Duun. Foto: Anders Beer Wilse

Olav Duun (1876–1939) var lærar og forfattar frå Jøa i Namdalen. Frå 1908 budde han i Holmestrand, der han jobba som lærar på Ramberg skole fram til 1927. Frå 1923 fekk han statens kunstnarløn. Olav Duun gav ut over 40 bøker, og seksbandsverket Juvikfolke (1918–23), trilogien Medmenneske (1929–33) og romanen Menneske og maktene (1938) er dei mest kjente verka hans. Men Duun skreiv også mange noveller, eller soger og forteljingar som var nemninga han sjølv brukte. Novella «Utpå stupe» frå Vegar og villstig (1930) er utgangspunkt for desse oppgåvene.

Novella «Utpå stupe»

Her finn du heile novella: Vegar og villstig: Utpå stupet (nb.no)

Vi har også laga grammatikkoppgåver til novella.

NRK-arkivet: «Medmenneske» – et Olav Duun program 1963, 1 t 2 min. Ein kan sjå delar av filmen om ein vil.

Litterære oppgåver

Her må ein lese og arbeide med heile novella. Elevane kan arbeide aleine eller saman med ein læringspartnar. Elevpara kan gjere kvar sine oppgåver og presentere det dei finn ut, for resten av klassen.

  1. Gjer greie for korleis novella er komponert. Moment du kan sjå på: starten, vendepunkt, høgdepunkt, slutten (open eller lukka), vekslinga mellom ei nåtid og ei fortid, forvarsel.
  2. Kva slags forteljar(-ar) har vi med å gjere? Kva verknad har dette for korleis vi oppfattar det som hender?
  3. Korleis blir Arnor, Hauk og Sunniva skildra?
  4. Kven er mannen og kvinna i starten av novella? Kvar i teksten er det vi skjønar kven dei er?
  5. Korleis tolkar du tittelen?
  6. Sitatet «Ein dagen han reiste seg fall han framover og ned bakken, vart så liggande på vollen nedunder, til kvinna kom og reiste han opp; …» kan oppfattast som eit frampeik eller ei parallellhistorie. Korleis?
  7. Kva funksjon har småguten?
  8. Korleis oppfattar du setninga: « – Du er mannen. Du har dømt deg sjøl, sa han».
  9. Kva meiner du er tematikken (-ane) i novella?

    Skriveoppgåver

    1. Tenk deg at du sit på ein stein i fjæra og kikkar utover havet. Skriv ei skildring av det du ser, høyrer og luktar.
    2. Skriv ein tekst om forventningar du har til å dra ut i verda. Kvar vil du dra, og kva tenker du at du vil oppleve der?
    3. «Arnor måtte sjå det glade andletet til Hauk og høre måle hans, elles vart verda hans for grå..». Skriv ein tekst om eller til ein person som betyr mykje for deg.
    4. «Han gløymde aldri den stunda, ho var lenger enn eit liv». Skriv ein tekst der du bruker denne setninga, enten som innleiing, høgdepunkt eller avslutting.