Grammatikkoppgåver til «Utpå stupe» av Olav Duun

Olav Duun (1876–1939) var lærar og forfattar frå Jøa i Namdalen. Frå 1908 budde han i Holmestrand, der han jobba som lærar på Ramberg skole fram til 1927. Frå 1923 fekk han statens kunstnarløn. Olav Duun gav ut over 40 bøker, og seksbandsverket Juvikfolke (1918–23), trilogien Medmenneske (1929–33) og romanen Menneske og maktene (1938) er dei mest kjente verka hans. Men Duun skreiv også mange noveller, eller soger og forteljingar som var nemninga han sjølv brukte. Novella «Utpå stupe» frå Vegar og villstig (1930) er utgangspunkt for desse oppgåvene.

Duun portrett

Novella «Utpå stupe»

Her er starten av novella (pdf)

Her finn du heile novella: Vegar og villstig: Utpå stupet (nb.no)

Vi har også laga litterære oppgåver til novella.

NRK-arkivet: «Medmenneske» – et Olav Duun program 1963, 1 t 2 min. Ein kan sjå delar av filmen om ein vil.

Grammatikkoppgåver

Utgangspunktet for desse oppgåvene er starten av novella.

  1. Finn dei sterke verba i det vedlagde utdraget frå «Utpå stupe». Bøy dei.
  2. Finn fem a-verb og fem e-verb i utdraget og bøy dei.
  3. Kva er skilnaden mellom sterke og svake verb?
  4. Parverba ligge/legge og sitte/sette blir brukte i teksten. Kva er parverb? Og korleis vil du bøye desse fire verba? Samanlikn med korleis du bøyer desse verba på bokmål.
  5. Andre parverb er henge, brenne, vekke/vakne, knekke, slenge, skvette, strekke, smelle, søkke, rekke, trenge, fryse, sleppe, sprette. Lag korte setningar der du bruker desse verba. Er det verbet du bruker, transitivt eller intransitivt? (tar det objekt eller ikkje?). Finn gjerne bøyinga på ordbokene.no.
    Les meir om parverb her: Parverb gir fine nyansar i språket
  6. Finn nokre substantiv av kvart kjønn og bøy dei.
  7. Kva er skilnaden mellom eit adjektiv og eit adverb? Sjå på desse uttrykka frå teksten, og avgjer kva som er adjektiv og kva som er adverb:
    1. ein lysklædd gammal mann
    2. i det store huse inni bjørkeskogen
    3. han stirde seg forundra
    4. sjå utrulig mildt på ein
    5. så rare var auga i denne framandkaren
    6. tok tvirenne og knegga høgt
    7. Det er meg ein arti tulling
    8. må ha ei lang soga bakom seg
    9. dei hadde stort å snakke om
    10. Den svartklædde kvinna sat still og hørte på
  8. Olav Duun brukte si eiga nynorske rettskriving. Denne rettskrivinga stemmer ikkje heilt overeins med dagens nynorsknormal. Finn nokre av skrivemåtane som er særmerkte for Duun, og samanlikn med formene som gjeld i dag.
  9. Kvifor trur du Duun valde å bruke substantivformer som skjære, have, lande, huse og gar? Kva kan vere grunnar til at vi ikkje bruker desse formene i dag?

Skriveoppgåver til «Utpå stupe»

  1. Tenk deg at du sit på ein stein i fjæra og kikkar utover havet. Skriv ei skildring av det du ser, høyrer og luktar.
  2. Skriv ein tekst om forventningar du har til å dra ut i verda. Kvar vil du dra, og kva tenker du at du vil oppleve der?
  3. «Arnor måtte sjå det glade andletet til Hauk og høre måle hans, elles vart verda hans for grå...». Skriv ein tekst om eller til ein person som betyr mykje for deg.
  4. «Han gløymde aldri den stunda, ho var lenger enn eit liv». Skriv ein tekst der du bruker denne setninga, enten som innleiing, høgdepunkt eller avslutting.