Tarjei Vesaas’ noveller

Vesaas portrett
Tarjei Vesaas. Foto: Leif Ørnelund

Tarjei Vesaas (1897–1970) er ein av dei viktigaste forfattarane på 1900-talet. Han hadde ein stor litterær produksjon og skreiv noveller, romanar, skodespel og lyrikk. Han debuterte med romanen Menneskebonn (1923). Dei to mest lesne romanane i skolesamanheng er Fuglane (1957) og Is-slottet (1963). Den siste diktsamlinga, Liv ved straumen (1970), kom ut etter at Tarjei Vesaas var død.

Tarjei Vesaas gav ut fire novellesamlingar. Barn og ungdommar er ofte hovudpersonar i novellene.

G for Gudny

Det er god grunn til å arbeide med novellene til Vesaas i klasserommet. Mange av dei er godt kjente og finst i leseverk for vidaregåande skole. Dei oppgåvene som følgjer, tar utgangspunkt i novella «G for Gudny» frå Ein vakker dag. Start gjerne ein samtale i klasserommet med å finne ut meir om Tarjei Vesaas. Har elevane lese noko av Vesaas tidlegare? Har dei sett ei filmatisering?

Oppgåver

Her kan ein gjerne arbeide saman med ein læringspartnar, enten munnleg eller skriftleg. Ein kan også la elevane fordjupe seg i kvar sine oppgåver og deretter presentere det dei finn ut, for kvarandre.

  1. Skriv fem stikkord om kva du legg merke til i novella. Du kan godt gjere det medan du les.
  2. Korleis vil du karakterisere Arve?
  3. Novella startar in medias res med eit sitat frå noko mora til Arve seier: «Ja, så er du blitt 15 år då, Arve, konfirmert og all ting, byrja mora varsamt. Likevel rykte Arve seg.» Kva synest du denne starten signaliserer for dei vidare hendingane? Korleis er kommunikasjonen mellom Arve og mora?
  4. Korleis tenker Arve om det at han er konfirmert?
  5. Korleis tolkar du «Her var eit auge som såg på han og minte han om hans eigne lovnader. Og her var eit lågt blått fjell som tala til han. Og her var ei stille om kveldane som ikkje var til å halde ut, så full var ho av tale om det løynde som han hadde fått auga opp for. Hjartet skalv for det og drogst mot det på same tid.»
  6. Kva tyder det at hendingane og tankane er lagde til våren?
  7. «Han såg seg ikring med hjartet fylt av freistande hemmeleg». Kva er dette freistande og hemmelege? Litt seinare i novella står det: «Her er ting som er for farlege å tenke på om så berre eit sekund». Kva er dette som Arve synest er farleg?
  8. Gjer greie for korleis novella er komponert (opning, vendepunkt, høgdepunkt, avslutting, kor lang tid det blir fortalt om, synsvinkelen mm.)
  9. Arve skriv bokstaven G på veggen til skuret. Legg merke til dei stadane i teksten der det står om bokstaven. Kva tyder han for Arve? Korleis er opplevingane hans med bokstaven?
  10. Kva tyding meiner du det blå fjellet har?

Skriveoppgåver

Desse skriveoppgåvene er meinte til at elevane skal skrive kortare tekstar. Men det er sjølvsagt også mogleg å skrive ei litterær tolking av «G for Gudny».

  1. Skriv om ei eller ein som skriv ein bokstav ein stad. Kva hender då?
  2. «Farleg var her: ein hemmeleg bokstav brann i denne lufta». Skriv om ein situasjon der du kan bruke denne setninga. Du kan også finne fleire setningar frå novella som du vil bruke i di eiga historie.
  3. Samtalen mellom Arve og mora stoppar opp i starten av novella. Tenk deg at Arve ikkje går ut, men svarar mora. Skriv vidare på den samtalen.
  4. Tenk deg at du er mora til Arve og skal skildre det du opplever ut ifrå hennar synsvinkel. Skriv ein tekst som kan starte slik: Eg skjønar ikkje heilt kva som går av Arve for tida. Han verkar så fråverande.
  5. Skriv ei litterær tolking av novella «G for Gudny». Du kan gjerne ta utgangspunkt i dei svara du har funne fram til i oppgåvene over.

Filmar om og med Tarjei Vesaas