Tre dikt og ei novelle om krig

Tarjei Vesaas var engasjert i spørsmål om krig og atomopprusting frå han var ungdom. Slik hugsar han frå han var 17 år:

«Så vart det 1914. Ein var 17 år. Det var lagt opp til jubelsommar, men i august kom Verdenskrigen. Blodbadmeldingar verre enn noken kunne tenkt seg. Det brende seg inn i ein så ein aldri sidan blir kvitt det. Dei første månadene dirra det liksom under føtene på ein – om det enn gjekk for seg så langt borte. Sidan gleid ein inn i den samstundes forbanna og bergande vanen. Men aldri kvitt det. Ikkje i denne dag. Alt fælt frå den nye storkrigen har ikkje greidd å dukke minna frå 1914. Ein var 17 år.»
(Frå essayet «Om skrivaren» i Leif Mæhle (red. 1964): Ei bok om Tarjei Vesaas)

Her kan du lese meir om Tarjei Vesaas: https://snl.no/Tarjei_Vesaas

Her er tre dikt som direkte tar opp krigsrelaterte emne, angsten for atomkrig og atomopprusting.

Den korte novella «Naken» frå Vindane (1952) kan også trekkast inn i denne samanhengen. Ho fortel om ei ung jente som har blitt mor, og om barnet som ligg igjen aleine ute.

Oppgåver til dikta

  1. Synest dokker at sitatet frå «Om skrivaren» er aktuelt i dag? Kvifor/kvifor ikkje?
  2. Kva er motiva i desse dikta?
  3. Gjer greie for korleis dikta er bygde opp.
  4. Gjer greie for korleis desse tekstane kan knytast til krig og/eller atomopprusting. Kva haldning meiner dokker kjem fram i dikta og novella? Har det noko å seie kva tid dikta og novella kom ut?
  5. I diktet «Napalm» er det berre overskrifta som direkte peikar mot ein krigstematikk. Korleis høver innhaldet i diktet til denne overskrifta? Kva blir «andletet» eit bilde på? Korleis tolkar du «I det mørke hus»?
  6. Phan Thi Kim Phuc er den nakne, vesle jenta frå Vietnamkrigen i eit verdskjent pressebilde teke av Nick Ut. Finn ut om historia bak dette bildet og korleis det gjekk med Phan Thi Kim Phuc. Kva verknad kan eit slikt bilde ha?
  7. Då dette bildet blei delt på Facebook, blei det sensurert fordi det viser ei naken jente. Les artikkelen her: Ikkje nakne menneske! Kva meiner du om dei reglane Facebook har? Grunngje svaret.
  8. Kva trur du «det store dyret» i diktet «Atom-kjernen» kan vere? Kva inneber «der du aller ytst ved stupet står»?
  9. Tenkeskriv i eitt–to minutt om kva du tenker på når du høyrer ordet Hiroshima.
  10. Kva tyder tittelen «Regn i Hiroshima»? Finn dei formuleringane i diktet som du meiner knyter seg direkte til atombomba som fall 6. august 1945.
  11. Kva for eitt av desse dikta gjer mest inntrykk på deg? Klarer du å setje ord på kva som rører ved deg?
  12. Synest du desse dikta var enkle eller vanskelege å forstå? Prøv å grunngje svaret. Diskuter med læringspartnaren din om ein alltid treng å forstå alt i dikta for å ha ei oppleving av dei.

Oppgåver til novella «Naken»

  1. Fortel innhaldet kort med dine eigne ord.
  2. Her er det fortalt i 3. personssynsvinkel – han. Kva verknad har dette perspektivet?
  3. Korleis er forholdet mellom dei to søstrene og mora deira?
  4. Korleis forstår vi at novella handlar om hendingar under krigen? Kva ord i novella synest du underbygger det?
  5. Korleis forstår du slutten?
  6. Kva trur du Tarjei Vesaas vil med denne novella?

Skriveoppgåver

  1. Skriv ein tekst på 200–300 ord om kor vidt desse dikta er aktuelle i dag.
  2. Skriv ein tekst på 200–300 ord om kva du synest det er viktig at vi engasjerer oss i i dagens samfunn.
  3. Skriv ein tekst på 200–300 ord der du vurderer kva rolle lyrikk kan ha i å påverke saker som folk engasjerer seg i?
  4. Skriv ein tekst på 200–300 ord der du reflekterer over kva det kan innebere å «kjenne seg naken».
  • Kompetansemål

    Vg 1SF

    • lese, analysere og tolke nyare skjønnlitteratur på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk
    • kombinere verkemiddel og uttrykksformer kreativt i eiga tekstskaping

    Vg3SF og Vg3 påbygging

    • Analysere og tolke romanar, noveller, drama, lyrikk og sakprosa på bokmål og nynorsk frå 1850 til i dag og reflektere over tekstane i lys av den kulturhistoriske konteksten og eiga samtid
    • Utforske og reflektere over korleis tekstar frå den realistiske og den modernistiske tradisjonen framstiller menneske, natur og samfunn
    • skrive litterære tolkingar og samanlikningar