Tre dikt om kjærleik

Tarjei Vesaas (1897–1970) gav i alt ut seks diktsamlingar: Kjeldene (1946), Leiken og lynet (1947), Lykka for ferdesmenn (1949), Løynde eldars land (1953), Ver ny, vår draum (1956) og Liv ved straumen (1970).

Her finn du tolkingsoppgåver og skriveoppgåver til tre dikt som alle handlar om kjærleik.

Desse dikta finn du også i Tarjei Vesaas: Dikt i samling, eller i den einskilde diktsamlinga.

Innleiande samtalespørsmål

  1. Kva tenker du på når du høyrer ordet kjærleiksdikt? Kva forventar du at det skal handle om? Er det bestemte ord du forventar skal vere med? Diskuter med læringspartnaren din.
  2. Kva for eit av dikta til Vesaas likte du best? Kva var det med dette diktet du likte? Kunne dette diktet like gjerne ha vore skrive i dag? Kvifor / kvifor ikkje?
  3. Kjenner dokker andre dikt eller songar som handlar om kjærleik og forelsking? Er det ein tekst som tyder spesielt mykje for deg?
  4. Kvifor trur dokker at forelsking og kjærleik er eit evig tema i litteraturen?

Oppgåver til dikttolking

  1. Kva er motivet i dei ulike dikta? Er desse dikta kjærleiksdikt? Kvifor eller kvifor ikkje? Diskuter gjerne med læringspartnaren din.
  2. Gjer greie for forma på dikta (strofer, rim, assonans, allitterasjon, frie vers). Speler forma på diktet ei rolle for korleis vi oppfattar innhaldet? Grunngje svaret.
  3. Kven er det lyriske subjektet i dikta?
  4. «Ein kveld i Verona» inneheld ein allusjon/litterær intertekst. Kva slag allusjon er det? Har det noko å seie for korleis vi forstår diktet?
  5. Gjer greie for andre verkemiddel, t.d. kontrastar, gjentakingar, metaforar, metonymiar, besjeling/personifikasjon, simile. Kva funksjon har desse verkemidla i dikta?

Skriveoppgåver

Togstasjon roman fox
Tenk deg at du står på jernbanestasjonen og ventar på nokon du ikkje har sett på lenge.
Balkong klemens kopfle h Pc GCMN4 S k unsplash
  1. Tenk deg at du står på balkongen eller jernbanestasjonen i Verona og ventar på nokon du ikkje har sett på lenge. Skriv eit femlinjersdikt eller ei seksordsnovelle til personen. Bruk ei av desse oppskriftene: Femlinjersdikt. Seksordsnoveller.
  2. Kvar drøymer du om å reise? Skriv ein tekst om draumane dine.
  3. Skriv ei innbyding til ein ven. Kva hending du skal be inn til, vel du sjølv.
  4. Vel ein månad, og tenk over kva du synest er spesielt med denne månaden. Skriv ned nokre stikkord før du skriv eit dikt til denne månaden.
  5. Tenk deg at du står på den balkongen i Verona som det blir fortalt at Julie i Shakespeares drama stod på. Du skal seie noko til ein person som står i bakgarden. Du vel sjølv kva person dette er, og kva tema dokker skal snakke om. Det treng ikkje handle om kjærleik. Skriv ei replikkveksling mellom dokker. Dokker kan også arbeide to og to, og skrive replikkane til kvar sin person.
  6. Skriv ei skildring av eitt av desse måleria som begge skildrar eit møte mellom Romeo og Julie. Kva slags syn på kjærleiken mellom dei synest du det formidlar? Er det nokon skilnad på framstillinga i desse to måleria?
Dicksee Romeoand Juliet
Romeo og Julie (1884) av Frank Bernard Dicksee
1676px Jules Salles Wagner Romeo and Juliet
Romeo og Julie (1898) av Jules Salles-Wagner
  • Kompetansemål

    Vg 1SF

    • lese, analysere og tolke nyare skjønnlitteratur på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk
    • kombinere verkemiddel og uttrykksformer kreativt i eiga tekstskaping

    Vg3SF og Vg3 påbygging

    • Analysere og tolke romanar, noveller, drama, lyrikk og sakprosa på bokmål og nynorsk frå 1850 til i dag og reflektere over tekstane i lys av den kulturhistoriske konteksten og eiga samtid
    • Utforske og reflektere over korleis tekstar frå den realistiske og den modernistiske tradisjonen framstiller menneske, natur og samfunn
    • skrive litterære tolkingar og samanlikningar