Seksordsnoveller

Elevar er vande med å skrive korte tekstar kvar dag i tekstmeldingar og på facebook. Det kan vere fint å starte med å skrive ei seksordsnovelle når elevane skal arbeide med sidemål. Elevane treng ikkje å skrive ein lang tekst, og lærarane kan gje raske tilbakemeldingar.

Elevane må tenkje nøye over kva ord dei skal bruke, og kvart ord må ha mykje meining. Dei skal seie noko vesentleg og kunne skape assosiasjonar, gjerne seie noko mellom linjene. Elevane må velje ut dei orda som er viktige for historia og stemninga, og dette kan også gje gode samtalar om ordbruk og språk.

Seksordsnovellene handlar gjerne om vendepunkt i eit liv. Det er lurt å lese nokre døme saman i klasserommet først, og samtale om kva som hender/har hendt. Korleis kan ein fortelje noko viktig med få ord?  Den legendariske seksordsnovella til Ernest Hemingway lyder: «For sale: Baby shoes, never worn».

Døme på seksordsnoveller

Inktober2016 0004 X5
«Zombiane kom, men eg overlevde … nesten.» Illustrasjon: Kim Holm (CC BY 4.0)

Blikk. Snakking. Peiking. Latter. Vennelaus. Forlatt. (Skriven av Helene Vehus i 2014 då ho var 15 år og vann førstepremie i Aust- og Vest-Agder mållags stilkonkurranse for seksordsnoveller).

Zombiane kom, men eg overlevde … nesten.

Endeleg fiskesesong. Storfangst. Lei av fisk.

Lyseblå boble finn Mjølkevegen heim.

To fallskjermar i svev. Ein landar.

Eg ville for mykje. Ikkje han.

Ja. Sikkert. Truleg. Kanskje. Neppe. Nei.

Nei, sa ho. Jau, sa han.

Oppgåver

  • Skriv ei eller fleire seksordsnoveller.
  • Elevane kan skrive ein forteljande tekst på om lag ei halv side først. Deretter kuttar ein ned på talet på ord etter kvart. Slik får ein fokus på dei orda som er absolutt naudsynte i ei forteljing. Ein kan kutte gradvis, ned til femti ord først, så ned til tjue, og til slutt til seks.
  • Elevane kan også skrive utifrå det motsette utgangspunktet, ei seksordsnovelle kan bli utvida til ein litt lengre tekst.
  • Ein annan variant er å la elevane lage ein teikneserie med utgangspunkt i seksordsnovella dei har skrive.

Sjå også Skrivesenterets ressurs om mikrotekstar.