Peparkorn

Tarjei Vesaas: «Peparkorn» frå Vindane (1952).

Oppgåver til Peparkorn

  1. Gjer greie for kva tidspunkt handlinga er lagd til, og kor lenge handlinga varer.
  2. Gjer greie for kven som fortel / har synsvinkelen i novella.
  3. Kva inntrykk får vi av Vesla og opplevingane hennar? Grunngje med formuleringar frå teksten.
  4. Gje ein karakteristikk av rommet ho er i.
  5. Korleis vil du karakterisere møtet mellom Vesla og kakemannen?
  6. Kva funksjon meiner du klokka på bjelken har? Grunngje.

Ordforklaringar:

  • ein kolv – metallstong som heng inni i ei bjølle eller ei klokke, ofte tjukkast nedst. Denne lagar lyd når han slår mot klokka.
  • ei rømd, rømder – nok plass, ope rom
  • ei båre, bårer – bølgjer
  • stoga – stova, stua
  • skøyre – som har lett for å breste
  • trylt – som fortrolla, forheksa

Skriveoppgåver

  1. Skriv om ein gong du gledde deg veldig til noko. Korleis kjente du deg då? Og korleis blei opplevinga då det hende?
  2. Skriv om ein gjenstand / eit kosedyr / eit menneske du hadde eit nært forhold til då du var barn. Kva betydde det for deg?
  3. Skriv om noko du var redd for då du barn, t.d. ein gjenstand eller ein stad.
  4. Kva forhold har du til jula?
  5. Skriv om ei kjensle du hadde, eller ei hending du hugsar, frå di eiga julefeiring. Du kan også dikte opp eit minne. Prøv å skildre minnet så inngåande som mogleg.
  • Kompetansemål

    Vg 1SF

    • lese, analysere og tolke nyare skjønnlitteratur på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk
    • kombinere verkemiddel og uttrykksformer kreativt i eiga tekstskaping

    Vg3SF og Vg3 påbygging

    • Analysere og tolke romanar, noveller, drama, lyrikk og sakprosa på bokmål og nynorsk frå 1850 til i dag og reflektere over tekstane i lys av den kulturhistoriske konteksten og eiga samtid
    • Utforske og reflektere over korleis tekstar frå den realistiske og den modernistiske tradisjonen framstiller menneske, natur og samfunn
    • skrive litterære tolkingar og samanlikningar