Diktaren Ivar Aasen

Aasen Olav Rusti grafisk
Ivar Aasen (etter ei teikning av Olav Rusti)

I denne ressursen har vi samla nokre dikt som Ivar Aasen sjølv har skrive, og nokre dikt og sitat andre forfattarar har skrive om Ivar Aasen.

Det språklege arbeidet Ivar Aasen dreiv, er godt kjent i undervisninga, medan den litterære diktinga hans har fått mindre merksemd. Dikta til Ivar Aasen blir gjerne plasserte i den poetiske realismen (1850–1870), overgangsperioden mellom romantikken og realismen. Dette inneber mellom anna at dikta til Aasen ikkje inneheld så mange symbol, metaforar og besjelingar som dikta frå romantikken på 1830-talet ofte hadde. Naturen kunne bli skildra som guddommeleg i romantikken, medan Aasen skildrar naturen langt meir objektivt og nøkternt og grip tilbake til klassiske ideal.

Aasendikt med oppgaaver 3
Fire dikt av Ivar Aasen (PDF)

Oppgåver til fire dikt av Ivar Aasen: «Midsumar kveld», «Haust», «Furte-visa» og «No er det tid».

Aasen skriveoppgaaver 2
Ivar Aasen: Skriveoppgåver (PDF)

Femlinjersdikt, namnedikt, klipp-og-lim-dikt og meir. Her er ulike skriveoppgåver med utgangspunkt i dikta til Ivar Aasen.

Garborg og Aasen
Vesaas og Garborg skriv dikt om Aasen (PDF)

Her er eit dikt Arne Garborg skreiv i høve gravferda til Aasen, og eit dikt Tarjei Vesaas skreiv i høve hundreårsminnet for utgjevinga av Ordbog over det norske Folkesprog. Desse dikta kan ein arbeide med for seg, eller sjå dei i ein samanheng med dikta til Ivar Aasen. Her er også to andre korte tekstar som seier noko om diktinga til Aasen.

Fleire kjelder