Marie Takvam: Det glade raseri

Marie Takvam (1926–2008) var ein norsk forfattar og skodespelar. Ho debuterte i 1952 med diktsamlinga Dåp under sju stjerner, og ho gav til saman ut 11 diktsamlingar. Ho skreiv også romanar og skodespel og var ei kjent stemme i barnetimen. Ho tok ofte del i den offentlege kulturdebatten på 1950- og 1960-talet. I dei fleste diktsamlingane hennar ser vi eit feministisk engasjement, og ho tar opp emne som ekteskap og kvinna si rolle i samfunnet (allkunne.no).

Diktet «Det glade raseri» av Marie Takvam står i samlinga Merke etter liv frå 1962.

Marie Takvam Foto Rigmor Dahl Delphin
Marie Takvam i 1965. Foto: Rigmor Dahl Delphin / Oslo museum (CC BY-SA)

Spørsmåla til diktet kan ein arbeide med aleine, i par eller i gruppe, enten skriftleg eller munnleg.

  1. Kva trur du Takvam vil formidle med dette diktet?
  2. Synest du diktet er relevant i dag? Kvifor/kvifor ikkje?
  3. Korleis oppfattar du tittelen? Finn også andre kontrastar i diktet.
  4. Kvifor synest det lyriske eg-et det er på sin plass å vere forbanna?
  5. I diktet er det nokre allusjonar til Bibelen. Korleis fungerer dei?
  6. Kva er motsetninga til det å vere ei dokke-dame?
  7. Gjer greie for forma på diktet.

Andre oppgåver:

  1. Lag eit intervju med mora di, bestemora di eller ei anna kvinne frå ein tidlegare generasjon der du spør om likestilling og viktige kampsaker for kvinner då dei var unge. Du kan skrive intervjuet eller ta det opp med mobilen.
  2. Lag eit tenkt intervju med ei dokke-dame. Finn ein illustrasjon du meiner passar.
  3. Gå saman to og to, skriv replikkar til ein dialog mellom eg-et i diktet og veninna hennar som kjem innom.
  4. Foreininga Fri («Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold») skriv på nettsidene sine: «FRI mener at det er berikende for alle å leve i et samfunn med et åpent syn på kjærlighet, kjønn, seksualitet og samlivsformer, og at mennesker fritt skal kunne velge hvordan de ønsker å leve sitt liv uten sanksjoner fra omgivelsene så lenge relasjoner er basert på likeverd og samtykke». Skriv ein tekst med dette sitatet som utgangspunkt. Vel sjanger sjølv.