Segner og grammatikk

Aziz acharki 7 Ila Jn7 GTFE utsnitt

Segner er korte historier som har blitt fortalde frå folk til folk i generasjonar, og som også er blitt samla inn og skrivne ned. Segner fortel om noko som skal ha hendt eller korleis ein stad fekk namnet sitt. Det finst mange forteljingar om gjengangarar og skrømt, om sjøormen og nøkken eller om svartedauden. Og det finst segner om historiske personar, flest om Olav den heilage. Mange av segnene finst i ulike variantar.

Førestillinga om tsjudane er særskilt samisk, og har røter langt tilbake i tid. Desse segnene kan ha utgangspunkt i historiske forhold på 1200–1400-talet, då tsjudane herja i Sápmi. Tsjudar er ei allmenn nemning for fiendar. Dei blir omtalte som eit folkeslag som kom austfrå Karelen, og segnene fortel om korleis dei røva, plyndra og drap overalt der dei kom. Tsjudane opererte i grupper, og dei var nådelause. Men dei blei alltid overlista av lure samar som kjende terrenget betre enn dei.

Segner om tsjudane (også omtalte som russetsjudar og kareltsjudar) finst i eit utal variantar, men alltid knytte til livsfarlege stup og skrentar. Vegvisaren kan vere gut eller jente, kone eller gammal mann, og er alltid snarrådig og lur.

Her finn dokker to ulike segner som handlar om russetsjudane og korleis dei blir overmanna.

Desse tekstane kan ein arbeide med på ulike måtar, og her finn dokker nokre forslag.

  • Oppgåver til segnene
  • Grammatikkoppgåver
Qvigstad foto Narve Skarpmoen
Just Knud Qvigstad. Foto: Narve Skarpmoen

Just Knud Qvigstad

Just Knud Qvigstad var språkforskar, etnograf, kulturhistorikar, lærar og politikar. Han gav mellom mykje anna ut Lappiske eventyr og sagn I–IV (1927–1929), både på samisk og norsk. Han samla inn meir enn 2300 forteljingar, og brukte lærarar i landsdelen som informantar.

Segner

Dersom dokker vil lese fleire segner, finn dokker fleire her: https://www.nb.no/items/8b3f6d5d5d0f8d3521cdfd32614b582f?page=69

Filmen Ofelaš

Filmen Ofelaš (Vegvisaren), regi Nils Gaup (1987), byggjer på ein variant av den same segna, der ungguten Aigin ser at familien hans blir drepen av tsjudane, og han sjølv må komme seg unna. Dette var den første samiskspråklege spelefilmen, og dokker finn meir informasjon på sida til NDLA.

https://ndla.no/nn/subject:20/topic:1:193723/topic:1:194520/resource:1:125255

Filmen er tilgjengeleg på Filmrommet.no for skolar som har abonnement: https://filmrommet.no/film/details.aspx?filmid=11087

Novella «Vaktmannen»

Novella «Vaktmannen» (1940) av Lars Berg tar også utgangspunkt i historia om den einsame, gamle samen som lurer ein flokk røvarar utfor stupet. Novella blei først trykt i Arbeidermagasinet for alle, nr. 22/1940.