Lag ei litteraturløype!

I dette undervisingsopplegget skal elevane arbeide med å lese og tolke lyrikk og bruke tolkinga si som utgangspunkt for å lage ei litteraturløype.

Litteraturloype

Gjennom konkrete læringsaktivitetar skal elevane trene på å lese lyrikk og utvikle den litterære kompetansen sin. Litteraturløypa kan også brukast som eit utgangspunkt for å la elevane eksperimentere med eiga skriving og kreative måtar å uttrykke seg på. Læringsopplegget høver både for elevar på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skulen

Litteraturløypa gjev deg moglegheit til å løfte læringsaktivitetane ut av klasserommet og flytte refleksjonane, tolkingane og samtalane til elevane over i ein ny kontekst. Korleis vert elevane si forståing av dikta påverka av at dei vert lesne ved sida av ei elv? Eit furutre? Ei maurtue? Korleis påverkar naturkulissane måten elevane møter dikta på?

Eit sentralt mål med undervisingsopplegget er at elevane skal bruke teknologien som utgangspunkt for samarbeid og læring. Digital didaktikk handlar om at lærarane, gjennom bruk av digitale hjelpemiddel, skal leggje til rette for elevaktiv læring (Jahnke og Nordberg, 2013). Læringsløypa er eit konkret og praktisk døme på korleis norsklæraren kan integrere den digitale teknologien i læringsopplegga sine gjennom elevaktive læringsaktivitetar.

La elevane lage litteraturløyper for kvarandre

Ein kan lage og gjennomføre litteraturløyper i eiga klasse, men ein kan også samarbeide med ei anna klasse slik at elevane lagar litteraturløyper for kvarandre. Ei anna moglegheit er å invitere føresette til å oppleve litteraturløypa og diktpresentasjonane til elevane. Bruk modellen til å utforme andre litteraturløyper med til dømes noveller, romanutdrag eller saktekstar. Litteraturløyper kan også vere fine innslag på utflukter og klasseturar.

Arbeidsark og lærarrettleiing

Introduser læringsopplegget for elevane. Del elevane inn i grupper og be dei velje seg ut eit dikt frå diktbanken som dei likar spesielt godt (sjå lenkjesamlinga nedst på sida). La elevane bruke arbeidsarket når dei skal arbeide med å lage ei tolking av dikta.

Planlegg litteraturløypa

Litteraturloype2
Korleis påverkar naturkulissane måten elevane møter dikta på?

Når elevane har spela inn filmane, må dei gjere om filpeikarane til QR-kodar. Det kan dei enkelt gjere med ein QR-kode-generator. Kvar gruppe skriv deretter ut QR-kodane sine i passe storleik og laminerer dei. Læraren avgrensar eit større område ute, gjerne i tilknyting til rennande vatn, skog eller utmark, og ber deretter elevgruppene plassere ut QR-kodane sine på ulike punkt i løypa. Læraren/elevane plottar inn dei ulike stoppa på Mitt turkart, og skriv deretter ut litteraturløype-kartet i PDF.

Inviter dei andre klassene på skulen til å oppleve litteraturløypa, og be dei gje elevane tilbakemelding på opplegget dei har laga. Elevane som går litteraturløypa, kan bruke litteraturløypekortet til å ta notat. Elevane kan deretter lage sine eigne litteraturløyper etter modell frå løypa dei nettopp har gått. Bruk modellen til å utforme andre litteraturløyper med til dømes noveller, romanutdrag eller avisreportasjar. Litteraturløyper kan også vere fine innslag på utflukter og klasseturar.

God tur!

    Diktbank

    Her er nokre forslag til dikt som elevane kan velje mellom. Mange av dikta har natur som motiv. Alle dikta ligg tilgjengeleg på nett.

    Donovan Leitch: «Å fanga vind»
    i Helge Torvund (red.): Fleire dikt om kjærleik (2019)
    Cappelen Damm

    Hilde Myklebust: «Fnugg»
    i Bjørkebokstavar (2015)
    Samlaget

    Ruth Lillegraven: «Inn i skogen» og «Noko nytt»
    i Skogen den grøne (2018)
    Samlaget

    Einar Økland: «Selfie»
    i Rosemalte selfies – og omvendt (2019)
    Samlaget

    Krista Lien Indrehus: (utan tittel) «Som barn veit eg at verda er mitt blikk» og «Tar bilde av fyret»
    i Flør (2021)
    Samlaget

    Paal Helge Hagen: «(steingjerde)»
    i Steingjerde (2015). Cappelen Damm

    Eva Jensen: (utan tittel) «Desse berga gir eg aldri frå meg»
    i 3 x Jensen (1994)
    Samlaget

    Eva Jensen: (utan tittel) «Eg sit i timevis og ser ut av vinduet»
    i 3 x Jensen (1994)
    Samlaget

    Eldrid Lunden: «Sunnfjord 1»
    i Dikt i samling 1968–1990 (1992)
    Samlaget

    Jon Fosse: «Ei stadig riving sund»
    i Nye dikt (1997)
    Samlaget

    Jan-Magnus Bruheim: «Når du er glad»
    i Flo og fjøre (1984)
    Noregs boklag

    Tarjei Vesaas: «Vise»
    i Tarjei Vesaas' beste (1997)
    Samlaget

    Tips til fleire diktsamlingar på nynorsk finn du på Nynorskbok.no.

    Kjelde

    Isa Jahnke & Anders Norberg (2013). Digital Didactics – Scaffolding a new Normality of Learning i Open Education 2030: contributions to the JRC-IPTS Call for Vision Papers. Part III: Higher Education, s. 129–134.