Sigerstalen i presidentvalkampen i USA
Å arbeide med dagsaktuell retorikk
Når ein skal arbeide med retorikk i skulen, er dagsaktuelle hendingar og emne ofte avgjerande for at eleven skal forstå at kommunikasjonen er forma av den retoriske situasjonen. I dette undervisningsopplegget finn du døme på korleis du kan arbeide med retorikk i samband med presidentvalet i USA. Nynorsksenteret har omsett utdrag frå sigerstalen til nynorsk og har utarbeidd nokre oppgåver til utdraget. Ei sentral målsetjing for opplegget er sjå korleis språket og formuleringane endrar seg når ein presidentkandidat skal presentere seg som framtidig president. Etter ein valkamp som har vore prega av konspirasjonar og hatefulle ytringar, er det særleg interessant å sjå kva retoriske grep talaren gjer for å framstå som ein samlande statsleiar.
Det er viktig at elevane har ei grunnleggjande forståing av retorikk og kjenner til dei retoriske appellformene frå før. Det er også ein fordel om dei har noko kunnskap om det politiske landskapet i USA. Opplegget gjev likevel moglegheit til å repetere og byggje vidare på kompetansen elevane allereie har. Undervisningsopplegget om retorikk er først og fremst laga for elevar i den vidaregåande skulen, men med enkle justeringar kan det òg tilpassast for 10. trinn, slik at elevane får ei innføring i retorikk og øving i å kjenne att retoriske verkemiddel.
Opplegget legg òg til rette for tverrfagleg samarbeid med til dømes engelsk på VG1 studieførebuande og samfunnskunnskap som fellesfag på VG1/VG2.
Undervisningsopplegget om retorikk er bygd opp av tre økter:
- Økt 1: Teoretisk grunnlag – dei retoriske appellformene
Denne økta er ei førebuingsøkt der de repeterer retoriske appellformer. Dersom de allereie har arbeidd med dette emnet, kan de gå rett til økt 2. - Økt 2: Å arbeide med ein sigerstale
I denne økta arbeider de med førlesingsaktivitetar der de ser nærmare på kva ein sigerstale er. Etterarbeidet tek utgangspunkt i talen til den komande presidenten. - Økt 3: Å skrive ein retorisk analyse
I den avsluttande økta er skriving i fokus. Her skal de reflektere over svara de har kome fram til undervegs, og skrive ein fullstendig retorisk analyse av sigerstalen.
-
Kva står det i læreplanen
Kompetansemål etter 10. trinn
- kjenne att og bruke språklege verkemiddel og retoriske appellformer
- bruke fagspråk og argumentere sakleg i diskusjonar, samtalar, munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar om norskfaglege og tverrfaglege emne
Kompetansemål etter vg1
- gjere greie for og reflektere over bruken av retoriske appellformer og språklege verkemiddel i sakprosatekstar
Kompetansemål etter vg2
- reflektere over sakprosatekstar og gjere greie for den retoriske situasjonen dei er blitt til i
- bruke fagkunnskap og retoriske ferdigheiter i norskfaglege diskusjonar og presentasjonar
Kompetansemål etter vg3
- skrive retoriske analysar og tolkingar av sakprosatekstar
- bruke fagkunnskap og presist fagspråk i utforskande samtalar, diskusjonar og munnlege presentasjonar om norskfaglege emne
ØKT 1: Dei retoriske appellformene – eit teoretisk grunnlag
Denne økta er ei førebuingsøkt der de repeterer retoriske appellformer. Dersom de allereie har arbeidd med dette emnet, kan de gå rett til økt 2.
Start med å repetere dei retoriske appellformene saman med elevane, og diskuter betydninga av dei.
Her er eit spørsmålsark og ein presentasjon de kan nytte i arbeidet:
- Spørsmålsark (Word-fil)
- Presentasjon (PowerPoint-fil)
Etos – truverd hjå avsendaren
- Innleiande etos – kva inntrykk har me av ein avsendar før me les eller høyrer teksten?
- Avleidd etos – kva inntrykk får me av avsendaren gjennom teksten?
- Endeleg etos – kva inntrykk sit me att med til slutt?
Læraren presenterer ein biletkollasj med ulike personar i det offentlege biletet der målet er at elevane skal diskutere og argumentere for kven av desse som har eit sterkt innleiande etos, og kvifor. Det er òg ei fin moglegheit til å diskutere kven av personane som eventuelt har eit svekt eller eit styrkt etos, og kvifor. Her er det viktig at elevane veit kva som rører seg i nyheitsbiletet, og at dei slik kan seie noko med utgangspunkt i det. Kollasjen kan vere samansett av bilete av til dømes Kong Harald, Jens Stoltenberg, Emilie Enger Mehl, Matoma, Gert Ingebrigtsen, Ståle Solbakken, Gaute Grøtta Grav.
Patos – å vekkje kjensler hjå mottakaren
Haldningskampanjen til Statens Vegvesen kan vere eit godt døme for å diskutere korleis ulike verkemiddel blir brukte for å appellere til kjenslene hjå mottakaren. Spørsmåla under kan vere til hjelp i utforskinga av den samansette teksten:
- Sjå nærmare på dei visuelle verkemidla. Kva er blikkfanget i denne samansette teksten? Beskriv det du ser.
- Kva ulike innhaldsmoment består teksten av? (logo, slagord, overskrift, tekstboks, bilete, skrift).
- Kva kan du seie om fargane som er brukte?
- Kva kjensler vekkjer biletet og teksten i deg?
- Kva verknad har kroppsspråket og andletsuttrykket til barna på biletet? Kva fortel dei oss?
- Korleis hadde plakaten fungert om han berre bestod av verbaltekst?
- Kva verknad har ordvalet i teksten? Sjå nærmare på bruken av positivt og negativt ladde ord.
- Kven trur de er målgruppa for denne kampanjen, og korleis appellerer han til den gruppa?
Logos – å appellere til fornufta
Kampanjen til Verdsdagen for psykisk helse og plakaten deira kan vere fin for å seie noko om verkemiddel som blir brukte for å appellere til fornufta hjå mottakaren. Forsking, statistikk og tal blir ofte tekne i bruk for at argumenta i ein tekst skal vere haldbare, slik som me finn døme på i denne samansette teksten. Spørsmåla under kan vere til hjelp i utforskinga av den samansette teksten:
- «Forsking viser at korte, regelmessige samtalar betyr meir enn du trur». Kva betydning har denne setninga for å overtyde lesaren? På kva måte underbyggjer denne informasjon bodskapen om å snakke meir saman?
- «Ein av tre under 44 år opplever lite meining i livet». Korleis kan denne statistikken motivere folk til handling?
- «Å erfare at vi betyr noko for andre, er avgjerande for eit meiningsfylt liv» oppfordrar mottakaren til refleksjon. Kva kjensler vekkjer denne setninga, og korleis medverkar ho til å styrkje logosappellen i teksten?
- Kva verknad har det at informasjonen på plakaten er formulert i korte, direkte setningar? Korleis kan dette styrkje logos-appellen?
Kairos – det er konteksten som avgjer!
På eit valkampmøte i regi av Donald Trump var komikaren Tony Hinchcliffe invitert til å underhalde forsamlinga. Vitsane til Hinchcliffe var nedsettande overfor innvandrarar og karakteriserte mellom anna Puerto Rico som ei flytande søppeløy. Ut ifrå reaksjonen frå både publikum og media var det tydeleg at desse vitsane ikkje fall i god jord. Ei av årsakene til at dei ikkje fungerte, er den retoriske situasjonen. Komikaren har undervurdert kor viktig rammene er for responsen til publikum: eit valmøte og ei tradisjonell standup-scene er to heilt ulike situasjonar med heilt ulike spelereglar.
Når me skal få fram ein bodskap, har kvar situasjon eigne «spelereglar» som avgjer kva som fungerer, kva som er lov, og kva som kan skape reaksjonar. Det er dette som er den retoriske situasjonen, eller kairos. Å vere ein god retorikar handlar ikkje alltid om å tale godt, men å tale passande i den situasjonen der du skal tale. Den retoriske situasjonen kan ein definere ut ifrå tre delar:
- Eit problem eller mål som talen skal løyse
- Eit retorisk publikum
- Omstende eller rammefaktorar som pregar situasjonen
I ein sigerstale møter den framtidige presidenten ein heilt ny retorisk situasjon. Talen du skal lese utdrag frå, har heilt andre rammer enn det presidentkandidaten har møtt i valkampen. Før du les utdraget frå sigerstalen, bør du spørje deg:
- Kva er målet/problemet ein sigerstale skal løyse?
- Kven talar den komande presidenten til, og kva er verdt å tenkje over i møte med dette publikummet?
- Kva for tidlegare hendingar og faktorar vil prege talen?
Økt 2: Å arbeide med ein sigerstale
1. Kva er ein sigerstale?
La elevane diskutere kva dei meiner ein sigerstale er, kva som er målsetjinga i ein sigerstale, og kva element som er viktige i ein slik tale. Lag gjerne eit tankekart i fellesskap på tavla.
Gå vidare til å vise døme frå tidlegare talar frå Obama og Trump. Kven var mest overtydande? Sjå nærmare på verkemidla som blir brukte, og korleis desse verkemidla styrkjer appellformene etos, patos og logos i talane. Vis til konkrete døme.
2. Den komande presidenten
Førlesing:
- Kva bør du vite om Donald Trump og den politiske karrieren hans før du les talen?
- Kva kan du med utgangspunkt i det du veit og har funne ut om Donald Trump, seie om Trump sitt innleiande etos?
- Kva kan han spele på?
- Kva treng han å bevise, reforhandle?
Sjå talen i heilskap saman i klassen.
Utdrag frå talen på nynorsk: Trump sigerstale 2024
Etterarbeid:
Den retoriske situasjonen
- Donald Trump har hevda at han vann valet i 2020. Kapsen frå valkampen i år har nummera «45-47» på sida. Kva signaliserer kampanjen gjennom dette grepet, trur du?
- Donald Trump er tiltalt for ei rekkje lovbrot. Mellom anna handlar desse sakene om forsøk på å påverke valet i 2020, og Trump si rolle under storminga av Capitol Hill 6. januar 2021. Kan du finne noko i talen som peikar tilbake til desse hendingane?
- Donald Trump har vore utsett for attentatforsøk i valkampen. Kan du sjå att denne hendinga i talen, direkte eller indirekte? Kva slags bilete av seg sjølv dannar han ved å vise til denne hendinga?
Kva sanning konstruerer språket?
- Trump har vore kritisert for vere polariserande. Kort forklart handlar dette om at retorikken til Trump forsterkar skilnaden mellom grupperingane i det amerikanske samfunnet. Kan du sjå døme på polariserande retorikk i denne talen?
- Kven er me og dei?
- Finn du språklege bilete eller framstillingar som forsterkar skiljet mellom me og dei?
- Make America great again har vore eit slagord i Trump sin politiske karriere. Kva for tema er knytte til dette slagordet: økonomi, kjønn, helse, etnisitet, tryggleik, internasjonalt samarbeid?
- Politikarar nyttar ofte språklege bilete for å skape positive eller negative assosiasjonar. Sjå til dømes korleis Ronald Reagan nyttar «morning» som metafor i valkampvideoen «It’s morning again in America». Kan du finne liknande språklege bilete i denne sigerstalen?
- Kva slags verdsbilete teiknar Trump? Er verda kaotisk, splitta og trugande, eller er det samhald, framgang og optimisme som pregar talen? Korleis samsvarer dette verdsbiletet med det Trump har formidla gjennom valkampen?
- Kva kjensler vekkjer Trump hos tilhøyrarane gjennom språket og bileta som blir brukte?
Å byggje truverd og tillit: etosappell
- Finn døme på ulike verkemiddel som styrkjer dei retoriske appellformene etos, patos og logos i talen (sjå utdrag). Sei noko om funksjonen desse verkemidla har i talen. Spørsmåla under kan vere til hjelp for elevane.
- På kva slags måte forsøker Trump å etablere truverd i sigerstalen? Kva slags personlege erfaringar eller eigenskapar trekkjer han fram for å styrkje etos?
- Kva slags logiske argument blir presenterte i talen?
- Kva er bodskapen i talen til Trump?
- Kjem Trump med oppfordringar til det amerikanske folket, i så fall kva?
- Vurder Trump sin endelege etos:
- På kva måte har talen styrkt amerikanarane sin tillit til Trump som ny president?
- Kva er det viktigaste språklege verkemiddelet Trump har nytta for å skape denne tilliten?
- Søk opp ordet demagog. Kva er dette? Vil du seie at talen til Trump er demagogisk?
ØKT 3: Å skrive ein retorisk analyse
Utdrag frå sigerstalen blir analyserte nærmare.
Be elevane lese utdraget stille for seg sjølv. Del deretter elevane i grupper (3–4 elevar) å diskutere dei retoriske appellformene (etos, patos og logos) i teksten. Kvar enkelt gruppe opprettar eit felles dokument (til dømes i Teams) der dei skriv ned kva dei har kome fram til. Ta gjerne i bruk skriveramma for retorisk analyse som ligg ute på nettsida til Nynorsksenteret, for hjelp i det vidare arbeidet med å skrive ein retorisk analyse.
Vidare lesing:
- Sigerstalen til Obama, presidentval: https://tv.vg.no/video/19425/se-hele-barack-obamas-tale-til-det-amerikanske-folket
- Presidenttalen til Obama frå 2009: https://www.nrk.no/urix/les-hele-presidenttalen-til-obama-1.6442007
- Donald Trump takket for tilliten: Jeg lover at jeg ikke skal skuffe dere https://www.vg.no/nyheter/i/d396X/donald-trump-takket-for-tilliten-jeg-lover-at-jeg-ikke-skal-skuffe-dere
- Trump ord for ord: https://www.dagogtid.no/samfunn/trump-ord-for-ord-6.121.37269.2d9d49d2cb
- Språk og ukultur i norsk skule . Artikkel om korleis Trumps ord treffer skulen: https://www.aftenposten.no/amagasinet/i/ny9jzB/trump-har-et-naadeloest-spraak-smitter-det