Grunnlova på nynorsk og bokmål

Dei to språkversjonane av Grunnlova er ei gullgruve for språkopplæringa. Dette opplegget er meint som eit døme på og ein inspirasjon til å bruke Grunnlova som utgangspunkt for å arbeide samanliknande med nynorsk og bokmål. Lag gjerne fleire døme og læringsaktivitetar sjølv.

I Grunnlova finn me døme på paragrafar der nominalisering og passiv er det som skil bokmålsversjonen frå nynorskversjonen. Dette gjev elevane høve til å reflektere over funksjonen til ulike måtar å uttrykkje den same meininga på. Dei to språkversjonane av Grunnlova gjev også høve til å arbeide med andre skilnader og likskapar mellom nynorsk og bokmål. Nedst i opplegget kan du finne nyttige omgrep og lese meir om nominalisering og passiv form.

Grunnlov Nett

Grunnlova for Noreg vart vedteken på Eidsvoll 17. mai 1814. 27. mai 2014 vedtok Stortinget Grunnlova i to versjonar på moderne norsk: bokmål og nynorsk. På sida til Lovdata finn du heile nynorsk- og bokmålsutgåvene av Grunnlova:

Læringsmål: Å kunne peike på, beskrive og diskutere språklege fenomen i ytringar på nynorsk og bokmål.

Aktuelle kompetansemål i LK20 (Norsk etter Vg1 SF):

  • bruke fagspråk til å beskrive setningsoppbygningen og sammenhengen mellom setninger i arbeid med tekster
  • greie ut om og drøfte norskfaglige eller tverrfaglige temaer muntlig
  • skrive tekster med god struktur og tekstbinding og mestre tegnsetting og rettskriving på hovedmål og sidemål

Vurderingsskjema til opplegget (PDF)

Læringsaktivitetar

Samanlikn setningar

Døme frå § 100

På bokmål: «Frimodige ytringer om statsstyret og hvilken som helst annen gjenstand er tillatt for enhver»

På nynorsk: «Alle har rett til å ytre seg frimodig om statsstyringa og kva anna emne som helst»

  1. Finn subjektet i dei to setningane. Diskuter kva det gjer med innhaldet at subjekta i dei to språkvariantane har ulike funksjonar (agens – patiens).
  2. Ta stilling til kva for ei setning som legg mest vekt på ei verbal handling. Diskuter kva det gjer med forståinga di av innhaldet at handlinga blir uttrykt med eit verb.
  3. I begge setningane finn du ordet frimodig. Diskuter kva ordklasse ordet representerer i dei to setningane.
  4. I den gamle grunnlovsteksten og i bokmålsversjonen står det «Frimodige ytringer …», medan det står «... å ytre seg ...» i nynorskversjonen. Kva er skilnaden mellom orda «ytringer» og «ytre seg»? Diskuter og prøv å kome fram til nokre grunnar til at ein har valt å skrive «... å ytre seg ...» heller enn «ytringar» i nynorskversjonen.

Samanlikn ord og uttrykk

Døme frå § 100

På bokmål: «Det påligger statens myndigheter å legge forholdene til rette for en åpen og opplyst offentlig samtale»

På nynorsk: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte»

  1. Les setningane både på nynorsk og bokmål og prøv å formulere innhaldet med eigne ord.
  2. Samanlikn omgrep i teksten som tilsvarar kvarandre på nynorsk og bokmål, og prøv å finne eksempel på at summen av to språkvariantar kan gjere det lettare å forstå kva omgrepa tyder.
  3. Finn ord som er felles på nynorsk og bokmål i teksten, men som har ulik rettskriving. Prøv å forklare for ein medelev kva som er skilnaden i rettskrivinga.

Samanlikn aktiv og passiv form

Døme frå § 55

På bokmål: «Valgtingene bestyres på den måte som fastsettes ved lov. Stridigheter om stemmerett avgjøres av valgstyret, hvis kjennelse innankes for Stortinget.»

På nynorsk: «Valtinga skal styrast slik det blir fastsett i lov. Valstyret avgjer tvistar om røysterett. Avgjerda kan klagast inn for Stortinget.»

  1. Les § 55 berre på bokmål først. Finn verba og prøv å forklare for ein medelev kva som kjenneteiknar passiv form av verbet på bokmål.
  2. Samanlikn paragrafen slik han er formulert på bokmål og nynorsk. Prøv å forklare for ein medelev korleis passiv bruk av verbet kan skilje dei to målformene.

Forenkling og forkorting

Døme frå § 57

På bokmål: «Det antall stortingsrepresentanter som blir å velge, fastsettes til 169.»

  1. Korleis ville de ha forenkla denne paragrafen?
  2. Samanlikn forslaget dykkar med nynorskversjonen av paragrafen: «Det skal veljast 169 stortingsrepresentantar»

Administrative ord

Finn ut kva desse orda heiter på bokmål:

  • vedtak
  • føresegn
  • styresmaktene
  • samsvar
  • rettar

Nyttige omgrep

Agens: ein deltakar som gjer, får til å skje, rører seg, føler, sansar eller erkjenner (vert ofte uttrykt ved subjektet i ei setning, men ikkje alltid)

Patiens: ein deltakar (person eller ting) som er passiv, som det hender noko med, som vert karakterisert, som er ein stad eller liknande (vert ofte uttrykt ved objektet i ei setning, men ikkje alltid)

Agens og patiens vert kalla semantiske roller.

Substantivering: å lage eit substantiv av eit ord som tilhøyrer ein annan ordklasse (td. å gå frå operere til operasjon, frå parkere til parkering eller frå fri til fridom).

Nominalisering: å gjere eit setningsledd (oftast verbalet) om til eit nominalledd. Substantivering er den mest vanlege måten.

Aktiv verbform: vert brukt i setningar der subjektet er den som utfører eller set i gang handlinga, altså der subjektet er lik agens. Døme: Janne parkerte bilen.

Passiv verbform: den som vert utsett for handlinga (patiens), vert gjort om frå objekt til subjekt i setninga. Den handlande (agens) vert skubba ut til slutten av setninga eller vert heilt borte. Døme: Bilen vart parkert eller Bilen vart parkert av Janne.

Klarspråk: korrekt, klart og brukartilpassa språk i tekstar frå det offentlege, ifølgje Språkrådet.

(Ordlista er basert på Iversen, Otnes og Solem: Grammatikken i bruk)

Om nominalisering og passiv form

To grammatiske ressursar som gjerne vert brukte i offisielle tekstar og spesialiserte fagtekstar, er nominalisering (der det mest vanlege er å gjere verb om til substantiv) og å setje verb i passiv.

Nominalisering vert til dømes brukt når ein vil komprimere språket og bruke færre ord, for eksempel i påbod og forbod. Det vert også brukt ein del i spesialisert fagspråk. Når ein kan omtale prosessar og handlingar med substantiv (eller andre ord som kan vere nominalledd) i staden for verb, kan det vere lettare å få plass til fleire i ei setning. Difor kan det vere nyttig i oppramsing og oppsummering (les meir om substantivering og nominalisering i boka Grammatikken i bruk, side 198–219). Det vert også brukt for å få det som vert sagt, til å høyrast meir formelt eller høgtideleg ut. Passivformer av verbet kan til dømes vere nyttig når vi vil ha merksemd på handlinga som vert gjort, meir enn på den som utfører henne.

Nominalisering og passivformer av verbet har mellom anna følgjer for om det er samsvar mellom subjektet i setninga og den som utfører handlinga (agens). I handbøker om god nynorsk vert det lagt vekt på å skrive klart, kort og forståeleg, og ha ein enkel og verbal setningsbygnad som ligg nær det munnlege. I ein enkel og verbal setningsbygnad vil det ofte vere samsvar mellom subjektet i setninga og den som utfører handlinga (den semantiske rolla agens), medan ressursar som nominalisering og passiv kan framheve andre semantiske roller (t.d. patiens – den som handlinga går utover) på kostnad av agens, og fjerne agens frå setninga på andre måtar.