Å mangle ballar – det kjønnsladde språket

Språket vårt ber i seg spor frå fortida som vi kanskje ikkje er klar over. Til trass for at vi både har endra haldningane våre og levemåten vår, brukar vi ord og vendingar som tildeler det eine kjønnet betre eigenskapar og posisjonar enn det andre. Kvifor er det slik, og kva kan vi gjere for å endre måten vi snakkar på? I denne ressursen skal elevane reflektere over korleis vi brukar språket vårt som ein haldningsmarkør i møte med omverda.

Plakatdøme 2 ordbok

Under Menneskeverdet i opplæringa sitt verdigrunnlag står det skrive:

«Likeverd og likestilling er verdier som er kjempet fram gjennom historien, og som fortsatt må ivaretas og forsterkes. Skolen skal formidle kunnskap og fremme holdninger som sikrer disse verdiene. Alle elever skal behandles likeverdig, og ingen elever skal utsettes for diskriminering.»

Under læreplanen for norskfaget og Fagets relevans og sentrale verdier, står det skrive:

«Faget skal styrke elevenes evne til kritisk tenking og skal ruste dem til å delta i samfunnet gjennom en utforskende og kritisk tilnærming til språk og tekst.»

Arbeidet med ressursen skal gjere elevane våre medvitne om korleis dei kan bruke språket sitt til å fremme likeverd og likestilling.

Film – fyrste oppdrag

I denne delen av læringsopplegget skal elevane studere ein dialog som utspelar seg i ei lita gruppe med ungdomar. Filmen varar i to minutt, og du skal vise han tre gongar.

Den fyrste gongen du viser filmen, fortel du elevane at dei skal få sjå ein dialog mellom nokre tenåringar. Ikkje sei noko om temaet for arbeidsøkta eller kva elevane bør vere ekstra merksame på.

Etter at klassa har sett filmen, skal elevane tenkjeskrive om det dei har sett. Målet med tenkjeskrivinga er å få elevane til å reflektere over dialogen, slik at det blir enklare for dei å ytre eigne synspunkt og meiningar i den følgande samtalen.

Be elevane diskutere spørsmåla under saman med læringsvenen sin, før de tek ein felles klassesamtale.

  1. Kva er det med denne dialogen de har merka dykk?
  2. Er dette ein dialog som er realistisk? Kvifor /kvifor ikkje?

Film – andre oppdrag

Når elevane skal sjå filmen for andre og tredje gong, ber du dei skrive ned alle dei orda/uttrykka i dialogen som er kjønnsladde – som viser til eit visst kjønn.

Be elevane deretter samanlikne orda sine med læringsvenen sin, før dei svarar på spørsmåla under. Her finn du eit arbeidsark som kan skrivast ut.

  • Kva tyder omgrepa/orda de har skrive ned?
  • Kva slags karakteristikkar er positive?
  • Kva slags karakteristikkar er negative
  • Kva slags kjønn viser dei negative og dei positive karakteristikkane til?
  • Korleis vil de forklare forskjellen mellom måten dei kvinnelege og dei mannlege karakteristikkane vert brukte på i dialogen?
  • Kjenner de til andre tilsvarande språklege omgrep/vendingar som er kjønnsladde?
  • Korleis kan det å bruke desse orda/vendingane/karakteristikkane påverke korleis vi ser på kvinner og menn?
  • Kjenner de til andre skjellsord/krenkande omgrep som vert brukte til å omtale kjønn, seksualitet og legning hjå andre?
  • Kva kan de gjere for å markere for omverda at diskriminerande språkbruk ikkje er akseptabelt?
  • Kva kan vi gjere for å fremme likestilling mellom kjønna gjennom språket vårt?
  • Kva slags moglegheit har vi til å endre dei nedarva måtane å snakke på?

Lese- og samtaleoppdrag

Teksten elevane no skal lese, har tittelen «Son of a bitch» og er henta frå framtida.no.

Førlesing

Kva tenkjer elevane på når dei høyrer tittelen? I kva slags samanhengar har elevane høyrt uttrykket bli brukt? Har elevane sjølv brukt det? Kva tyder omgrepet? Kva trur elevane teksten handlar om?

Les teksten «Son of a bitch» høgt saman, og be elevane arbeide med spørsmåla som vert stilte i dei fyrste avsnitta i teksten. Målet med arbeidet er å gjere elevane merksame på dei mange skjellsorda som er knytte til det kvinnelege kjønnet, og kva slags haldningar som vert fremma gjennom dei nedsettande talemåtane.

Etterlesing

Etter at elevane har lese teksten, kan dei setje seg saman i grupper og kome med forslag til korleis ein kan endre bruken av dei nedsettande måtane å snakke på. Avslutt arbeidet med ein sirkeldialog, der alle elevane fremmar synspunkta sine.

Samansett tekst – oppgåve med autentisk publikum

Lag ein likestillingskampanje ved skulen dykkar som fremmar refleksjon og kritisk tenking til korleis vi brukar nedsettande ord og omgrep om kvinner/jenter i språket vårt.

Utform plakatar (samansette tekstar) der de rokkar ved dei stereotypiske framstillingane av kjønna, og der de kjem med nye og betre språkforslag. Målgruppa for kampanjen er elevar ved skulen, og plakatane de utformar, skal pryde fellesarealet ved skulen dykkar.

De kan også bruke sosiale medium til å fronte kampanjen.

Døme på plakatar

Plakatdøme 1 Erna Solberg
Foto av Erna Solberg: Torbjørn Kjosvold/Forsvaret
Plakatdøme 2 ordbok