30-leiken

I dette opplegget skal elevane finne postar med grammatikkoppgåver ute i terrenget.

Tidsbruk: om lag 30 minutt.

Utstyr: Ein terning til kvar gruppe, kort med spørsmål, svarark, skrivesaker og fasit (til læraren). Skriv ut postane, laminer og heng dei opp ved kopimaskina etter bruk, slik at fleire klasser kan få glede av opplegget.

30leiken ark paa tre

Førebuingar

  • Skriv ut ark med dei vedlagde grammatikkoppgåvene, eitt ark til kvar oppgåve.
  • Brett arka slik at det står eit tal frå 1 til 30 på den eine sida og eit spørsmål på den andre.
  • Fordel arka/postane ut i terrenget på eit avgrensa område. De kan henge dei i tre, på stolpar, eller leggje dei på bakken.
  • Del elevane i lag på 3–5 personar. Kvar gruppe skal bli einige om eit namn på gruppa, til dømes ei ordklasse. Dette er kalleropet til gruppa. Pass på at gruppene har ulike namn.
  • Læraren skriv ut og tek med seg fasiten.

Gjennomføring

  • Ein på gruppa slår terningen og får til dømes 4. No skal gruppa spreie seg og leite etter post nummer 4.
  • Når ein på gruppa finn posten, skal han/ho rope kalleropet høgt for å kalle på dei andre. Når alle har kome, snur dei posten og les spørsmålet. Gruppa blir einige om svaret. Då spring dei tilbake til læraren og seier/viser svaret, til dømes: «Post 4: I første setninga skal det vere å, i andre skal det vere og, i tredje skal det vere og».
  • Dersom dette svaret er riktig, slår ein annan på gruppa terningen og får til dømes 3. Gruppa legg dette talet til det talet ein fekk førre gong (4+3=7). Gruppa spring ut og leitar etter post 7.
  • Slik jobbar alle gruppene heilt til ei av dei har nådd post 30. Ein kan også seie at ein held på i 20 min, og så er det om å gjere å komme lengst på den tida.

Tips!

Dersom gruppa svarar feil eller ufullstendig, kan ein leggje inn ei slags «straff», til dømes 10 spensthopp, 10 armhevingar eller liknande. Sørg alltid for at alle på gruppa får vite det rette svaret før de held fram. Gruppa kan også få i oppgåve å lese det rette svaret sjølv, og forklare for læraren kvifor dette svaret er rett, før dei får halde fram.

Dersom skulen har lamineringsmaskin, er det lurt å bruke han på korta. Då varer dei lenger, og toler gjenbruk av andre klassar på skulen.

Dersom det er mykje med 30 oppgåver, er det ingenting i vegen for å lage 20-leiken i staden.

Kjelde

www.dnt.no