Nynorsk treningsøkt
Å lese og skrive nynorsk er ein viktig grunnstein i god nynorskopplæring. For å bli trygge språkbrukarar treng elevane også å repetere kva som kjenneteiknar nynorsk, og bli medvitne på korleis nynorsk skil seg frå bokmål.

I dette oppgåvesettet skal elevane samarbeide om å presentere språklege emne for kvarandre, bli medvitne om typiske skrivefeil og sjølve skrive nynorsk. Dei skal øve på å bruke faglege omgrep for å diskutere likskapar og forskjellar mellom bokmål og nynorsk, og repetere det nynorske språksystemet for kvarandre.
Vi har samla alle elevoppgåvene i ein presentasjon, slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet. Elevane treng også dette arbeidsarket for å kunne gjennomføre den siste oppgåva. Hugs at du kan tilpasse opplegget etter eige ønske og redigere direkte i presentasjonen.
Oppgåvene passar for ungdomstrinnet og elevar på vg1.