Prinsessa på erta

Prinsessa paa erta

Tekstar som finst på fleire språk, er eit godt utgangspunkt for arbeid med å samanlikne og utforske ulike språk.

Prinsessa på erta av H.C. Andersen er eit eventyr som er godt kjent. Det blei utgitt i 1835 og er omsett til mange språk. Her er eventyret i svensk, dansk og nynorsk versjon.

Prinsessa på erta (pdf)

Sidan teksten er ganske kort, høver han godt til å utforske skilnader mellom nynorsk og nabolandsspråka. Du finn også nokre oppgåver som du kan ta utgangspunkt i.

Oppgåver

Desse oppgåvene kan ein arbeide med munnleg eller skriftleg, aleine, i par eller i gruppe.

  1. Finn nokre av dei orda eller uttrykka som er annleis i norsk, svensk og dansk.
  2. Studer verba i tekstane, og prøv om du kan finne ut noko om korleis verb blir bøygde i dei tre språka.
  3. Studer substantiva, og prøv om du kan finne ut noko om korleis substantiva blir bøygde.
  4. Kva pronomen finn du i desse tre tekstane?
  5. Synest du svensk og dansk liknar mest på nynorsk eller bokmål? Grunngje svaret ditt.
  6. Skriv eventyret i presens.
  7. Fjern adjektiva og adverba, korleis oppfattar vi teksten då? Set inn nokre andre adjektiv og adverb, korleis blir teksten då? Diskuter med kvarandre.

Omsetjingar til fleire språk kan du finne her, og meir informasjon om H.C. Andersen, livet hans og forfattarskapen finn du på Museum Odense.