E-verb eller a-verb?

E eller A
Bruk fortidsforma til å finne ut om det er e-verb eller a-verb. Illustrasjon: Kristoffer S. Mathisen

Øvingsark

Elevar synest det nokre gonger kan vere vanskeleg å finne ut om eit verb skal ha -er eller -ar i presens. Denne lista kan brukast til å drille dei i dette, slik at dei ikkje alltid treng å slå opp i ordlista. Når ein undersøker endinga verbet får i preteritum, kan ein lett finne ut kva det heiter i presens. Denne regelen passar ofte med dialekta til elevane. Nokre verb kan vere både e-verb og a-verb, men dei er ikkje med i denne lista. Hugs også at verb som sluttar på -ere i infinitiv, er e-verb.

Når preteritum (fortid) endar på -a, t.d. sykla, hoppa, får vi -ar i presens (nåtid): syklar, hoppar. Alle verb med -a i fortid er slike a-verb.

E-verb er verb som har preteritum som endar på -te eller -de, t.d. meinte, tenkte, bygde, og som får -er i presens: tenker, meiner, bygger.

E Verb Eller A Verb Skjema
E-verb eller a-verb? (PDF)

Dette skjemaet inneheld ei liste med verb som elevane skal finne ut om er e-verb eller a-verb.

Fasit til skjemaet (PDF)

Skriveoppgåver

Elevane skal velje fem av verba frå skjemaet og skrive ein kort tekst sjølv. Kva verb høver det å ha med om du skal skrive

  • eit postkort til ein ven og fortelje korleis du har det på sommarferie
  • ei skildring av korleis det ser ut i fjæra, i skogen eller på høgfjellet
  • ei forklaring på korleis du lagar ei kake, ein pizza eller ein smudi
  • ei forteljing om den største draumen din
  • eit eventyr om ein moderne Askeladd
  • ein instruksjon om korleis du skrur saman ei hylle eller snikrar ei fuglekasse
  • ei twitternovelle om korleis han og ho møter kvarandre eller går frå kvarandre

Elevane vel først den oppgåva dei vil skrive. Så finn dei verba dei trur kan passe. Elevane kan skrive i fem-ti minutt først, deretter kan dei dele tekstane sine i par. Så kan dei revidere teksten, også med tanke på å få med dei verba dei har valt ut.

Nynorskkurs i teikneserieform

Teikneserien om e-verb og a-verb står i teikneserieheftet Nynorsk på 1-2-3.

Nynorsk paa 1 2 3 framside
Nynorsk på 1-2-3

I dette vesle heftet fortel teikneseriefiguren Rakel det ein treng kunne for å unngå dei vanlegaste feila i nynorsk.