Gode tips til bruk av nettordboka

Margunn Rauset Fotokred Pål Adrian Ryen ved Ui B
Margunn Rauset er prosjektleiar for ordbokrevisjonen. (Foto: Pål Adrian Ryen, Universitetet i Bergen)

Lurer du på korleis elevane kan ta i bruk den nye versjonen av ordbøkene? Her får du tips frå Margunn Rauset, som er prosjektleiar for ordbokrevisjonen.

Nynorskordboka og Bokmålsordboka viser skrivemåte og bøying i tråd med norsk rettskriving. No har begge fått ny nettversjon, og du finn dei på ordbokene.no. Språkrådet og Universitetet i Bergen står bak ordbøkene.

Dei som skal bruke ordbokene.no, bør vite om ein del val og innstillingar som ein kan gjere for at ordbøkene skal fungere best mogleg. Merk at val som du har gjort på ordbokene.no, blir lagra automatisk på eininga di. Dersom du har fleire einingar (til dømes PC, Chromebook, nettbrett og mobil), må du gjere desse innstillingane på kvar enkelt eining.

Tips 1: Still inn språk

Med meny-knappen kan du stille inn språket. Du kan velje mellom bokmål, nynorsk og engelsk som språk på ordbokene.no. Her er det nytt at ein kan velje engelsk, det kan vere ein fordel for nye elevar som er sterkare i engelsk enn norsk. (Dersom du allereie har valt nynorsk som språk i nettlesaren din, skal språket automatisk kome på nynorsk.)

Skjermbilde 1 still inn språk

Tips 2: Søk i bøygde former

Hak av i boksen «Søk i bøygde former».
Denne boksen ligg rett under søkjefeltet.

Skjermbilete 2 søk i bøygde former

Tips 3: Vis alltid bøyingstabellane

Når elevar skal bruke ordbøkene, er det ein fordel at innstillinga «Vis alltid bøyingstabellane i fullstendige artiklar» er på.

Skjermbilete 3 vis alltid bøyingstabellane

Tips 3: Meinte du-funksjonen

Fordelen med den nye «meinte du»-funksjonen er at elevar eller andre som er usikre på korleis eit ord skal skrivast, får opp forslag til kva ord dei er på jakt etter. (Denne funksjonen fungerer spesielt godt viss du søkjer i berre ei ordbok, ta til dømes eit søk på arbeider i Nynorskordboka.)

Då får du opp:

arbeider er ei bøygd form av arbeide
Har du søkt i feil ordbok? Prøv å søkje i Bokmålsordboka
Meinte du: arbeidar, arbeide, arbeid, arbeida, arbeidsro

Skjermbilete arbeider

Dersom du søkjer på «interesant», kjem «interessant» opp som første forslag i lista.

Skjermbilete 4 interesant

Tips 4: Søk i éi eller to ordbøker?

For elevar som skal lære seg skilnadane mellom nynorsk og bokmål, kan det vere pedagogisk å søkje i begge ordbøker samstundes dersom dei arbeider på ein stor skjerm. Dersom elevane arbeider på ein mindre skjerm (til dømes eit nettbrett) og skal sjekke rettskrivinga i nynorsk eller bokmål, vil det vere meir oversiktleg å søkje i berre éi ordbok.

Skjermbilete disse

Tips 5: Bokmål versus nynorsk

Dersom eleven skriv arbeid_r i søkefeltet, erstattar understreken ein bokstav. Har du lyst å sjå arbeider og arbeidar ved sida av kvarandre for å sjå om det er same ordet, så kan det vere ein grei funksjon. Her vil eleven også sjå skilnaden mellom korleis ein skriv ordet på bokmål og nynorsk. Eit alternativ er å bruke ein loddrett strek, som gjer det mogleg å søkje på fleire ord samstundes: arbeidar|arbeider

Understreken _ erstattar éin bokstav eller eitt teikn.
Stjerna * eller prosentteiknet % kan erstatte kva som helst.

Skjermbilete 5 arbei r

Tips 6: Utdrag eller fullstendige artiklar

Du får automatisk opp fullstendige artiklar når du søkjer, men ved hjelp av ein knapp kan ein komprimere dei om ein får mange treff og ikkje ønskjer å skrolle så mykje.

Skjermbilde disse komprimerte artiklar

Tips 7: Kva betyr det om du ikkje finn eit ord i ordboka?

Det er ikkje slik at eit ord, iallfall om det er ei samansetjing, ikkje finst om du ikkje finn det i ordboka. Du kan lese meir om dette emnet under Om ordbøkene i teksten «Kva betyr det om du ikkje finn eit ord i ordboka?»

Tips 8: Bruk av ordbøkene.no i skulen

Blant dei norskspråklege ordbøkene og ordlistene er det berre dei som er godkjende av Språkrådet, som kan nyttast i undervisning og på prøver og eksamen.  Bokmålsordboka og Nynorskordboka er blant desse, og dei andre finn du i oversikta til Språkrådet over godkjende ressursar.