• Blogg
  • Ballbingar og verdsmeisterskap – VM som inngang til samtale og skriving

Ballbingar og verdsmeisterskap – VM som inngang til samtale og skriving

29.05.2026

V Mpresentasjon

«Felles referanserammer er viktig for den at den enkelte skal kjenne tilhøyrsle til samfunnet», står det i den overordna delen av læreplanverket. Store idrettsmeisterskap som fotball-VM kan vere ei slik felles referanseramme som samlar folk på tvers av bakgrunn og interesser. Difor har vi med utgangspunkt i VM laga eit lite undervisingsopplegg for ungdomstrinnet. 

V Mpresentasjon
Ballbingar og verdsmeisterskap – VM som inngang til samtale og skriving

Opplegget inneheld blant anna NFF sin uttaksfilm og Kongens tale til landslaget, som dannar utgangspunkt for fleire av oppgåvene. Du finn oppgåver som inviterer til munnleg aktivitet, skriving på nynorsk og refleksjon kring alt frå retorikk og språklege bilete til forventningar og VM-feber. Elevane kan mellom anna delta i ein VM-skriveverkstad, samtale om fotball og fellesskap og tippe på resultata i meisterskapet.