Ballbingar og verdsmeisterskap – VM som inngang til samtale og skriving
«Felles referanserammer er viktig for den at den enkelte skal kjenne tilhøyrsle til samfunnet», står det i den overordna delen av læreplanverket. Store idrettsmeisterskap som fotball-VM kan vere ei slik felles referanseramme som samlar folk på tvers av bakgrunn og interesser. Difor har vi med utgangspunkt i VM laga eit lite undervisingsopplegg for ungdomstrinnet.
Mange elevar er opptekne av fotball, men oppgåvene er laga slik at alle elevane skal kunne engasjere seg i arbeidet. Opplegget inneheld blant anna NFF sin uttaksfilm og Kongens tale til landslaget, som dannar utgangspunkt for fleire av oppgåvene.
Du finn oppgåver som inviterer til munnleg aktivitet, skriving på nynorsk og refleksjon kring alt frå retorikk og språklege bilete til forventningar og VM-feber. Elevane kan mellom anna delta i ein VM-skriveverkstad, samtale om fotball og fellesskap og tippe på resultata i meisterskapet.
Alle oppgåvene er samla i ein felles presentasjon og kan enkelt tilpassast slik det passar best i klassa di. Opplegget eignar seg godt å ta i bruk no på tampen av skuleåret.
Presentasjonen med oppgåver finn de her.
Tippeskjema for fotball-VM finn de her: Tippeskjema for VM i herrefotball (docx)