• Blogg
  • Meir leselyst med podkast

Meir leselyst med podkast

27.05.2026

Stella beskjært komprimert til nettside

Frå venstre: Balder, Sondre, Mathilde S., Solveig, Mathilde D. og Eline.

Nynorsksenteret lanserer sesong 3 av podkasten Barneboktipset. 

Tekst: Nynorsksenteret
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Alle podkastane er laga i samarbeid med elevane som går i klasse 6 b på Øyra skule i Volda skuleåret 2025/2026. 

– Vi er veldig stolte av å ha laga heile 19 podkastar med boktips saman med denne positive gjengen dei siste tre åra. Det har vore mogleg å få til fordi vi har hatt eit godt samarbeid med lærarane, seier høgskulelektor Heidi Fagna ved Nynorsksenteret. 

Lærarane har lese dei fem bøkene i podkastsesong 3 høgt for heile klassen. Alle dei 27 elevane i klassen har valt å vere med. Alle elevane har notert ned noko dei likar ved bøkene. Vi har valt ut seks elevar til kvar podkast. 

Sesong 1 inneheld ni bøker for 1.–4. trinn.

Sesong 2 inneheld fem bøker for 5.–7. trinn.  

Sesong 3 inneheld fem nye bøker for 5.–7. trinn:

Klassebilete 6b redigert av Arild komprimert til nettside
Klasse 6 b framfor lærarane Astrid Velsvik Henriksen (t.v.) og Tone Lindalen Botn.

Vi har laga ei enkel oppskrift til korleis du kan gjere dette med klassen din. Du treng berre eit nettbrett og ein gratis redigeringsapp.

Barneboktipset Oskar og eg ikon

I dette opplegget får elevane lage podkast der dei tipsar andre barn om bøker. Det er laga for 1.–4. trinn, men kan tilpassast alle trinn.  

Barneboktipset på 5 trinn gruppe1 redigert av Arild komprimert til nettside 2

I dette opplegget får elevane lage podkast der dei tipsar andre barn om bøker. Det er laga for 5.–7. trinn, men kan tilpassast alle trinn.

Gruppe 1 redigert av Arild komprimert til nettside
Frå venstre: Jesper, Laura, Mari, Betiel, Emilie og Erisa.
Gruppe 5 redigert av Arild komprimert til nettside
Bak frå venstre: Jesper, Linus, Eirik og Olav. Framme frå venstre: Ellenor og Sofi.
Gruppe 2 redigert av Arild komprimert til nettside RGB kopi
Frå venstre: Sebastian, Assawir, Melissa, Ellenor, Adelen og Kevinn.
Gruppe 3 redigert av Arild ny brilleversjon komprimert til nettside
Frå venstre: Georg, Lyra, Live, Celine, Mathilde S. og Emil.
Mathilde D Kvitveis og pissrotter komprimert til nettsida
Tips: La elevane teikne bokframsidene. Denne er teikna av Mathilde D.

Har klassen laga podkast inspirert av Barneboktipset? 
Send gjerne ein e-post til ingvild@nynorsksenteret.no
Då får du og klassen ei lita merksemd i posten.