Setningsledd og ordklassar

Lappar utsnitt

I dette opplegget skal elevane mellom anna bruke lappar til å arbeide med setningsledd og ordklassar. I tillegg får dei bøye tulleverb.

Setningsledd og ordklassar

Lappar med setningsledd i ulike fargar kan kopierast opp og klippast ut, og elevane kan setje saman setningar. Då har ein høve til å diskutere skilnaden mellom setningsledd og semantikk, ei setning kan vere grammatisk riktig sjølv om innhaldet ikkje gjev meining. Setninga «Kamelen strikkar ein traktor» er ei setning med subjekt, verbal og objekt, men innhaldet er ikkje semantisk rett.

Tulleverb

Dersom elevane får bøye tulleverb, viser dei at dei kan eit system for verbbøying allereie. Elevane vil bøye desse verba som svake verb, enten e-verb eller a-verb. Det er lite truleg at dei vil bøye dei som sterke verb. Sterke verb er ein lukka klasse, vi får ikkje nye sterke verb. Tulleverbbøyinga kan vere eit utgangspunkt for å samanlikne verbsystemet i nynorsk, bokmål og andre språk, som t.d. engelsk og tysk.

Setningsledd
Setningsledd og ordklassar (PDF)

Her finn de oppgåver og lappar til å klippe ut.

Tulleverb
Tulleverb (docx-format)

Skjemaet for bøying av tulleverb er med i PDF-en, men dersom de vil ha det i docx-format for å skrive rett inn i skjemaet, kan de laste ned skjemaet her.