• Blogg
  • Fallgruver i verbbøying

Fallgruver i verbbøying

12.01.2021

Lese sterk

Hovudregelen er at mykje er likt i nynorsk og bokmål når det gjeld verbbøying. Men det finst også ein del skilnader.

Tekst: Aud Søyland
Illustrasjon: Kristoffer S. Mathisen

I blogginnlegget om sterke og svake verb skreiv eg at den som har norsk som morsmål, ofte kan støtta seg på talemålet for å finna ut korleis eit verb skal bøyast. Nynorsk og bokmål har rett nok ulike bøyingsendingar, men verb som er sterke i nynorsk, er oftast sterke i bokmål, og tilsvarande med svake. Her er ein del tips til om det som skil nynorsk frå bokmål.

Korleis skilja mellom a-verb og e-verb

Talemålet kan vera ei god hjelp når du skriv nynorsk, men ikkje alltid. I mange talemål skil ein til dømes mellom a-verb og e-verb både i presens og i preteritum, men mange har berre éi ending i presens: -er. Derfor er det lurt å gå til preteritumsforma for å finna ut om eit verb er sterkt eller svakt, og om det er a-verb eller e-verb.

Berre a-verb endar på ‑a i preteritum. Dersom det verbet du skal bøya, har ‑a i preteritum, kan du vera sikker på at det er rett å skriva ‑ar i presens. Døme:

Preteritum: «Han sykla til skulen.»

Presens: «Han syklar til skulen.»

Tilsvarande kan du vera nokså sikker på at eit verb er eit e-verb, dersom det endar på ‑de eller ‑te i preteritum. Eg skriv nokså sikker, fordi verb som endar på ‑de, òg kan vera j-verb. Men e-verba er ei mykje større gruppe enn j-verba. E-verba har endinga ‑er i presens:

Preteritum: «Han følte seg ikkje bra.»

Presens: «Han føler seg ikkje bra.»

Klassen j-verb

I nynorsk har me fire typar svake verb (sjå tidlegare blogginnlegg om verbbøying). Bokmål har i stor grad dei same typane, men manglar j-verba, som der har vorte til e-verb.

Det spesielle med j-verba er at dei har ein j som høyrer med til infinitivsendinga: telja, verja. Denne j-en har altså eit anna opphav enn den j-en me ser etter g og k i mange andre verb (byggja, tenkja). Når j står etter g eller k, er han ein del av stammen og viser at g-en eller k-en skal uttalast palatalt. J-en i verba i telja-klassen står som regel etter andre konsonantar, oftast l, m, n og r.

Mange j-verb kan vera anten j-verb eller e-verb i nynorsk. Nokre svært vanlege j-verb har berre den tradisjonelle bøyinga, og det kan lønna seg å pugga desse verba viss du ikkje har dei i talemålet:

Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

fortelja

fortel

fortalde

fortalt

krevja

krev

kravde

kravd/kravt

selja

sel

selde

selt

setja

set

sette

sett

skilja

skil

skilde

skilt

spørja

spør

spurde

spurt

telja

tel

talde

talt

velja

vel

valde

valt

Det som særmerkjer j-verba, utanom j-en i infinitiv, er at dei ikkje har ending i presens, slik som andre svake verb. Dessutan har dei ofte ein annan vokal i infinitiv/presens enn i preteritum/perfektum partisipp.

Sterke på nynorsk, svake på bokmål

Her følgjer ei oversikt over verb som har sterk bøying på nynorsk og svak på bokmål:

Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

drepa

drep

drap

drepe

gala

gjel

gol

gale

grava

grev

grov

grave

lesa

les

las

lese

skina

skin

skein

skine

suga

syg

saug

soge

trenga

treng

trong

trunge

veksa

veks

vaks el. voks

vakse

Alle verba i denne oversikta er ikkje like mykje i bruk, men tre verb kan det vera lurt å merka seg: lesa, trenga (i tydinga ‘ha bruk for’) og veksa er sterke verb i nynorsk og har ei anna bøying i nynorsk enn i bokmål.

Svake på nynorsk, sterke på bokmål

Det er òg nokre verb som har sterk bøying i bokmål og svak bøying i nynorsk:

Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

hjelpa

hjelper

hjelpte

hjelpt

treffa

treffer

trefte

treft

trekkja

trekkjer

trekte

trekt

tvinga

tvingar

tvinga

tvinga

På nynorsk har me dessutan ein god del parverb (sjå tidlegare blogginnlegg om parverb i nynorsk). Det er to verb som ser like ut i infinitiv, men det eine er svakt og tek objekt, mens det andre er sterkt og tek ikkje objekt. Mange parverb har fått samanfallande bøying i bokmål og har altså behalde berre det eine bøyingsmønsteret. Eitt døme er verbet slippe, som er eit sterkt verb i bokmål, uansett om det tyder ‘mista’ eller ‘unngå’. På nynorsk har verbet sleppa svak bøying i den fyrste tydinga og sterk i den andre: «Eg sleppte boka i golvet.» «Eg slapp å gjera alle oppgåvene.»

Det finst likevel nokre parverb i bokmål, til dømes henge: «Eli hengte bildet på veggen.» «Bildet hang på veggen.» Andre døme er knekke og slenge.

Mangfaldet

Nynorsken har ein større rikdom av former enn bokmålet, og me blir lett påverka av bokmålet, sidan det er så synleg i samfunnet. Men det er ingen grunn til å la seg skremma. Ein og annan bøyingsfeil er ikkje det som avgjer om du skriv god eller dårleg nynorsk, det er setningsbygnaden. Dessutan har du eineståande hjelpemiddel i ordbok-appen Ordbøkene frå Språkrådet og Universitetet i Bergen.