• Blogg
  • Sterke og svake verb – kva er det?

Sterke og svake verb – kva er det?

06.01.2021

Sterke verb

Nyleg fekk eg spørsmål frå to karar med høgare utdanning innanfor realfag: – Kva meiner du med sterke og svake verb? Det var ein vekkjar for meg. Barnelærdommen kan vera fjern kunnskap for mange.

Tekst: Aud Søyland, språkrettar og ordbokredaktør
Illustrasjon: Kristoffer S. Mathisen

Etter å ha fått dette spørsmålet forstod eg kor viktig det er å forklara grunnleggjande grammatiske omgrep, til dømes kjenneteikna på svake og sterke verb.

Me bøyer både sterke og svake verb i ulike tider. I ordbøkene er det vanleg å føra opp verba i desse tidene: infinitiv, presens (notid), preteritum (fortid) og perfektum partisipp (den forma som står etter «har»).

Svake verb

Kjenneteikn på svake verb er at dei har ending både i presens og i preteritum. I presens kan endinga vera ‑ar eller ‑er, og i preteritum ‑a, ‑de eller ‑te. I perfektum partisipp har svake verb endinga ‑t eller ‑d.

Me har fire grupper svake verb i nynorsk: a-verb, e-verb, j-verb og kortverb. Dei blir bøygde slik:

Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

a-verb

sykla

syklar

sykla

sykla

e-verb

arbeida

arbeider

arbeidde

arbeidd/arbeidt

hyla

hyler

hylte

hylt

j-verb

velja

vel

valde

valt

kortverb

sy

syr

sydde

sydd/sytt

A-verba heiter a-verb fordi dei får endinga ‑ar i presens og ‑a i preteritum og perfektum partisipp. E-verba har det namnet fordi dei får ‑er i presens.

Når du studerer skjemaet, ser du at presensforma av j-verba ikkje har ending, som jo var eit kjenneteikn på at verbet er svakt. Men preteritumsforma har ending, og partisippet i perfektum endar på -t. J-verb har elles den spesialiteten at mange av dei endrar vokal frå infinitiv/presens til preteritum/perfektum partisipp.

Kortverba er ganske like e-verba, men dei har inga ending i infinitiv, og når me bøyer dei, får dei endinga ‑r i presens, ‑dde i preteritum og ‑dd eller ‑tt i perfektum partisipp.

Sterke verb

Både i nynorsk og bokmål snakkar me om sterke verb, og då meiner me verb som ikkje har ending i preteritum. Vokalen i ordet endrar seg ofte frå presens til preteritum. I nynorsk har dei sterke verba heller ikkje ending i presens. Døme:

Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

Sterkt verb

bita

bit

beit

bite

Sterkt verb

springa

spring

sprang

sprunge

Sterkt verb

sova

søv

sov

sove

Perfektum partisipp endar på ‑e i sterke verb.

Kva er kva?

Korleis veit me så om eit verb er sterkt eller svakt? Den som skal læra norsk som eit framandt språk, må læra dette gjennom lytting, reglar og ordbok. Den som har norsk som morsmål, har som regel ei formeining om korleis verb skal bøyast, og må ikkje kontrollera kvart verb mot ordboka. Men dersom du er usikker, kan ordboka vera til god hjelp.

Du ber ikkje med deg ordboka overalt, vil du kanskje seia. Men i dag kan du faktisk det. Dei beste og mest oppdaterte ordbøkene – Nynorskordboka og Bokmålsordboka – ligg gratis tilgjengelege på nettet på ordbokene.no, og du kan lasta ned ordbok-appen på mobilen din. Dermed har du ordbøkene med deg overalt, så sant du har med deg mobilen.

Alle verb følgjer ikkje reglane

Alle verb følgjer ikkje reglane fullt ut. Her er ei oversikt over dei vanlegaste «avvika»:

Mange verb kan vera både a-verb og e-verb

Eit døme på det er verbet bruka, som altså har to bøyingsmønster:

Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

a-verbbøying

bruka

brukar

bruka

bruka

e-verbbøying

bruka

bruker

brukte

brukt

Det kan kanskje vera lurt å følgja anten det eine eller det andre bøyingsmønsteret, men det er òg lov å bruka «blanda bøying». Då er mønsteret slik:

Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

blanda bøying

bruka

brukar

brukte

brukt

Grunnen til at det er lov med «blanda bøying», er at det er heilt vanleg i norske dialektar. Denne «blandinga» går berre eine vegen: ‑ar i presens, men ‑de/‑te i preteritum og ‑d/‑t perfektum partisipp.

Tenk berre etter korleis det er i dialekten din, så finn du kanskje ut at du bøyer verbet bruka med blanda bøying.

Andre verb med to bøyingsmønster

Nokre verb har tradisjonelt hatt sterk bøying, men har fått eit alternativt svakt bøyingsmønster. Døme:

Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

sterk bøying

hogga

høgg

hogg

hogge

svak bøying

hogga

hogger

hogde

hogd/hogt

Tilsvarande er det ein del verb som tradisjonelt har vore j-verb, men som har fått e-verbbøying som alternativ:

Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

j-verbbøying

symja

sym

sumde

sumt

e-verbbøying

svømma

svømmer

svømde

svømt

Andre døme på det siste er: drynja/drønna, drysja/dryssa, dynja/dønna, stynja/stønna

Alternativ i perfektum partisipp

Nokre sterke verb har alternative svake former i presens og i perfektum partisipp:

Infinitiv

Presens

Preteritum

Perfektum partisipp

sterk perfektumending

be(da)

bed

bad

bede

svak perfektumending

be

ber

bad

bedd/bedt

Tilsvarande bøying har by(da), dra(da), gli(da) og fleire.

Den vanskelege valfridommen

Mange vil seia at det er vanskeleg å halda styr på alle desse valfrie formene. Dei fleste av oss treng heller ikkje halda styr på alle formene, men har tvert om ein god sjanse for å treffa rett, ut frå eige talemål, når valfridommen er stor. Dei som er lærarar, må rettnok ha ei viss oversikt, eller iallfall vilje til å slå opp, når dei møter på former dei ikkje brukar sjølv. Då er det flott at det finst lettvinne verktøy som ordbokene.no