• Blogg
  • Har utvikla eit kreativt og praktisk undervisningsopplegg

Har utvikla eit kreativt og praktisk undervisningsopplegg

14.10.2024

IMG 5141 utsnitt

Frå venstre Guro Kristin Gjøsdal, Merete Hoel Roaldsnes, Christine Langeland og Liv Kristin B. Øvereng.

«Lær og lev med heile meg» er eit utviklingsprosjekt som handlar om helse og livsmeistring i begynnaropplæringa. Resultatet er undervisningsaktivitetar som skal fremje eit motiverande, kreativt og praktisk læringsmiljø.

Aktivitetane samsvarer med kompetansemåla i faga norsk og musikk, og fremjar nynorskdidaktikk. Dei tar utgangspunkt i barnelitteratur, musikk, leik og rollespel. Undervisninga går i djupna på emne rundt livsmeistring, identitet, positivt sjølvbilete, mellommenneskelege relasjonar og fellesskap

Profesjonsmøtet 

Utviklingsprosjektet spring ut av profesjonsmøtet mellom musikkterapeut Merete Hoel Roaldsnes og lektor Christine Langeland. Dei samarbeider på Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund. Dei siste åra har dei arbeidd med å utvikle ein tverrfagleg praksis i begynnaropplæringa.  

Undervisningspraksisen er forankra i profesjonane, samstundes som dei er inspirerte av ulike metodar i fagtradisjonane. Arbeidet er vidareutvikla til eit samarbeid med Nynorsksenteret, der også Langeland no er tilsett. Guro Kristin Gjøsdal og Liv Kristin B. Øvereng rettleier og samarbeider i satsinga. Undervisningsaktivitetane er publiserte på nettsidene til Nynorsksenteret: Folkehelse og livsmeistring i begynnaropplæringa

Inspirasjonsforelesing under Forskingsdagane 2024

Det nasjonale temaet for Forskingsdagane i 2024 er helse. Roaldsnes og Langeland bidrog med inspirasjonsforelesinga «Mange snakkar om det, og vi gjer det!». Eitt av dei tverrfaglege temaa i læreplanen LK20 er folkehelse og livsmeistring. Utviklingsarbeidet «Lær og lev med heile meg» tek utgangspunkt i dette.  

Læreplanen LK20 er tydeleg i å integrere tverrfaglege tilnærmingar i opplæringa. Å integrere det tverrfaglege kan opplevast som ei omstilling som tek tid og krev mogning. Her ønsker Roaldnes og Langeland å inspirere. Fleire snakkar om, forskar og utviklar også for profesjonssamarbeid i skulen, og Roaldsnes og Langeland går her føre.  

Heilskapleg lærings- og utviklingssyn

I «Lær og lev med heile meg» utforskar altså Roaldsnes og Langeland korleis ein kan arbeide tverrfagleg og tverrprofesjonelt i begynnaropplæringa. Ved å ta i bruk temabasert undervisning og praktisk-estetiske læringsprosessar har dei utvikla ein praksis der elevane får vere leikande, skapande og utforskande. På denne måten skal elevane få lære og leve med heile seg. Erfaringane frå utviklingsprosjektet viser at både elevar og vaksne lærer, utforskar og erfarer i møte med kvarandre. Dei utviklar seg i det relasjonelle og i dei praktisk-estetiske læringsprosessane.