Folkehelse og livsmeistring i begynnaropplæringa

Flodhesttoppstripe

Kjenslene våre er ein del av oss og fortel oss kva vi treng. Vi er alle forskjellige, og vi treng å vite at vi er gode nok som vi er. Du med heile deg er ein viktig del av eit fellesskap.

Undervisningsaktivitetane vi presenterer i denne ressursen, baserer seg på biletboka Eventyret om flodhesten. Vi vil gi elevane moglegheit til å vere leikande, skapande og utforskande gjennom praktisk-estetiske læringsprosessar og arbeidsformer. Barnelitteratur, song, songleik, rollespel og praktiske aktivitetar er sentrale delar i ressursen. Vi arbeider ut frå det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring og kompetansemål henta frå faga norsk og musikk. Tema vi går nærare inn på, er livsmeistring, identitet, positivt sjølvbilete, mellommenneskelege relasjonar og fellesskap.

Eventyret om flodhesten  
Av Arne Norlin og Lena Anderson   

Det var ein gong ein flodhest som syntest at han var det mest meiningslause og triste dyret av alle dyr. Han gjorde aldri noko spennande slik som dei andre. Han berre sat i vassholet sitt og åt vassgras heile dagen. No ville han ut i verda og oppleve noko anna, han òg. 

Stripe

Introduksjon til læraren

Deltakarføresetnader og rammefaktorar   

Undervisningsaktivitetane er for elevar på 1.–2. trinn og bør gjennomførast i klasserommet. Det er ein fordel å ha tekniske hjelpemiddel tilgjengeleg, som til dømes smarttavle. Når det kjem til organisering av undervisninga, ligg det tidsramme, utstyrsliste, lenke til faglege ressursar og anna førebuing under kvar undervisningsaktivitet. Undervisningsaktivitetane er laga i A4 PDF-filer som de anten kan ha analogt eller digitalt.

Arbeidsmetodar

Undervisningsaktivitetane opnar for varierte arbeidsmetodar 

  • Høgtlesing
  • Rollespel og dramaturgiske teknikkar
  • Utforskande samtalar
  • Musikkaktivitetar og musikalske samhandlingsformer
  • Balansert skriveopplæring med bruk av både tastatur og handskrift
  • Felles undervisning, samarbeid i grupper og/eller med læringspartnar og individuelt

Undervisningsaktivitetane

Denne ressursen er delt inn i til saman åtte delar. Her kan ein gjere eit utval eller prøve alle, men det er lurt å opne med den delen som handlar om høgtlesing og introduksjon av biletboka. ​ 

Høgtlesing av biletboka

  • Kompetansemål

    Kompetansemål i norsk 

    • Lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på nynorsk.
    • Skildre og fortelje munnleg og skriftleg. 

    Kompetansemål i musikk 

    • Utøve eit repertoar av songleikar, songar og dansar henta frå eleven sin nære musikkultur og frå kulturarven. 

Last ned arket med opplegget høgtlesing av biletboka (PDF)

Songane som skal nyttast til denne delen, er «Kom som du er» (S. Vorkinn og B. H Gammelsæter) (finst òg på Spotify) og «Det var ein gong ein flodhest». 

Songen om flodhesten har både lydfil, notar og tekst:

Boka finn du på Nasjonalbiblioteket: Eventyret om flodhesten

Stripe

Kroppsleg uttrykk og leik

  • Kompetansemål

    Kompetansemål i norsk 

    • Uttrykkje tekstopplevingar gjennom leik, song, teikning, skriving og andre kreative aktivitetar. 

    Kompetansemål i musikk 

    • Utøve eit repertoar av songleikar, songar og dansar henta frå eleven sin nære musikkultur og frå kulturarven. 

Last ned arket med opplegget kroppsleg uttrykk og leik (PDF)

 

Stripe

Tekstskaping: gåter

  • Kompetansemål

    Kompetansemål i norsk  

    • Skrive tekstar for hand og med tastatur.  
    • Bruke store og små bokstavar, punktum, spørjeteikn og utropsteikn i tekstar, og samtale om eigne og andre sine tekstar. 
    • Lage tekstar som kombinerer skrift med bilete. 

    Kompetansemål i musikk 

    • Utøve eit repertoar av songleikar, songar og dansar henta frå eleven sin nære musikkultur og frå kulturarven. 

Last ned arket med opplegget tekstskaping: gåter (PDF)

Songen «Kom som du er» (S. Vorkinn og B. H Gammelsæter) (finst òg på Spotify)

Stripe

Songskriving

  • Kompetansemål

    Kompetansemål i norsk  

    • Leike med rim og rytme. Lytte ut språklydar og stavingar i ord
    • Utforske og samtale om oppbygginga av og tydinga til ord og uttrykk. 

    Kompetansemål i musikk 

    • Utforske og eksperimentere med puls, rytme, tempo, klang, melodi, dynamikk, harmoni og form i dans, med stemme, og i spel på instrument. 
    • Leike med grunnelement i musikken gjennom lyd og stemme, lage mønster og setje saman mønstera til enkle improvisasjonar og komposisjonar, også med digitale verktøy. 

Last ned arket med opplegget songskriving (PDF)

Stripe

Drama som metode

  • Kompetansemål

    Kompetansemål i norsk  

    • Uttrykkje tekstopplevingar gjennom leik, song, teikning, skriving og andre kreative aktivitetar. 

    Kompetansemål i musikk 

    • Utøve eit repertoar av songleikar, songar og dansar henta frå eleven sin nære musikkultur og frå kulturarven. 

Last ned arket med opplegget drama som metode (PDF)

Stripe

Tekstskaping: kjensler

  • Kompetansemål

    Kompetansemål i norsk

    • Samtale om og skildre korleis ord vi bruker, kan påverke andre. 
    • Trekke bokstavlydar saman til ord under lesing og skriving. 

    Kompetansemål i musikk 

    • Utøve eit repertoar av songleikar, songar og dansar henta frå eleven sin nære musikkultur og frå kulturarven. 

Last ned arket med opplegget tekstskaping: kjensler (PDF)

Stripe

Musikklytting og kreative uttrykksformer

  • Kompetansemål

    Kompetansemål i norsk 

    • Utforske og samtale om oppbygginga av og tydinga til ord og uttrykk. 

    Kompetansemål i musikk 

    • Formidle opplevingar av ulike musikalske uttrykk gjennom samtale og kunstnariske uttrykksformer 

Last ned arket med opplegget musikklytting og kreative uttrykksformer (PDF)

Stripe

Improvisasjon og komposisjon i gruppe

  • Kompetansemål

    Kompetansemål i norsk 

    • Utforske og samtale om oppbygginga av og tydinga til ord og uttrykk. 

    Kompetansemål i musikk 

    • Utforske og eksperimentere med puls, rytme, tempo, klang, melodi, dynamikk, harmoni og form i dans, med stemme og i spel på instrument.
    • Leike med grunnelement i musikken gjennom lyd og stemme, lage mønster og setje saman mønstera til enkle improvisasjonar og komposisjonar, også med digitale verktøy. 

Last ned arket med opplegget improvisasjon og komposisjon i gruppe (PDF)

Songen «Kom som du er» (S. Vorkinn og B. H Gammelsæter) (finst òg på Spotify)

Stripe

Kjelder