Kom som du er

«Kom som du er» er ein god, moderne venskapssong på nynorsk. Låten eignar seg godt til å øve inn og framføre i lag i klassen eller på skulen.

Her på sida finn de songteksten, tekstvideo med vanleg lydspor, tekstvideo med dempa vokal (til å syngje i lag med), tekstvideo med instrumentalspor og instruksjonsvideoar med dansen til songen.

Tekst: Synne Vorkinn
Musikk: Synne Vorkinn og Bjørn Helge Gammelsæter
Vokal: Line Dybedal

«Kom som du er» er eit samarbeidsprosjekt mellom Nynorsk kultursentrum og Nynorsksenteret.

Tekstvideo

Dansevideo

Koreografi: Trude Hustad Hovdenakk
Film og redigering: Åge André Breivik

Samarbeidspartnaren vår, Nynorsk kultursentrum, ønskjer foto og filmsnuttar frå songen eller dansen i bruk. Send foto/film, dato, stad og gjerne talet på deltakarar til post@nynorsk.no og merk e-posten med «Venskapssongen». Stadfest at vi har løyve til å bruke film/bilete i sosiale medium og publikasjonar.