Vanlege spørsmål

Her finn du svar på vanlege spørsmål.

Kvar finn eg gode nynorskbøker for born?

  • Nynorskbok.no kan du finne omtalar av hundrevis av gode bøker for ulike aldersgrupper.
  • Dersom det er bøker du ikkje finn i den lokale bokhandelen, kan du stort sett få tak i dei frå Handlenett.no eller andre nettbokhandlar. Eller få biblioteket til å låne dei inn for deg.

Kvar finn eg kjeldestoff på nynorsk?

Når skal elevane byrje med sidemål?

Læreplanen legg opp til ein progresjon frå å lytte til tekstar på sidemålet til å lese sjølve og til å eksperimentere med skriving på sidemålet. Introduksjonen tek til tidleg.

  • 1.–2. klasse: Læraren skal lese på sidemål for elevane. I tillegg skal dei samtale om omgrepa dialekt, nynorsk og bokmål.
  • 3.–4. klasse: Elevane skal lese og lytte til forteljingar, eventyr, songtekstar og faktabøker på bokmål og nynorsk og samtale om kva tekstane betyr for eleven. I tillegg skal elevane utforske forskjellar og likskapar mellom skriving på hovudmål og sidemål.
  • 5.–7. klasse: Elevane skal lese lyrikk, noveller, fagtekstar og annan skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål, nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald. Dei skal også prøve ut skriving av tekstar på sidemål, og utforske og reflektere over samanhengen mellom språk og identitet.

Les meir om sidemål på 1.–4. trinn og sidemål på 5.–7. trinn.

Kvar finn eg nynorskordlister og ordbøker på nett?

  • Nynorskordboka – ei nettordbok som viser skrivemåtar og bøying i tråd med dei gjeldande normene. Ho finst òg som app.
  • Lexin – fleirspråklege ordbøker
  • Frå bokmål til nynorsk – ordliste frå Språkrådet som viser kva ulike bokmålsord heiter på nynorsk

Kvar finn eg grammatikkøvingar på nett?

Språkrådet har laga eit nynorsk øvingsrom for elevar. Øvingane er i utgangspunktet laga for eldre elevar, men det enklaste nivået kan fungere for nynorskelevar på 5.–7. trinn. Du finn øvingane på elevrom.sprakradet.no.

Kva reglar gjeld for retten til læremiddel på eige mål?

Eleven har rett til læremiddel på ønskt målform. Skulen har ikkje lov til å ta i bruk læremiddel som ikkje ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid. Med læremiddel meiner ein alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa. Les meir i opplæringslova og forskrifta.

Er det andre reglar for digitale læremiddel enn for læremiddel på papir?

Nei. Forskrifta til opplæringslova seier at dei same krava gjeld for digitale læremiddel som for læremiddel på papir.

Kven har ansvar for at elevane får læremiddel på målforma si?

Skuleeigar har ansvar for at elevane får læremiddel på målforma si. Dette gjeld uavhengig av kor mange elevar som brukar bokmål og nynorsk i kommunen eller fylkeskommunen. Skuleeigaren skal ha eit forsvarleg system for å sikre at retten til eleven vert oppfylt. Meir detaljar finn du i forskrifta til opplæringslova.

Kan skular blande nynorsk- og bokmålsgrupper?

Hovudregelen er at i skriftlege fag har nynorskelevane rett til å vere i eigne nynorskgrupper. Bortsett frå i ikkje-skriftlege samanhengar skal skulane difor ikkje blande bokmåls- og nynorskgrupper. Les meir på sida til Utdanningsdirektoratet.