Tverrfagleg
Tverrfaglege undervisningsopplegg for barneskulen.

Bok på 1-2-3
Bok på 1-2-3 er undervisingsopplegg til gode, nynorske bøker. Opplegga er prega av leik, undring og læreglede, og er utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet. For at det skal vere ekstra lett å ta opplegga i bruk, ligg mange av bøkene ute til gratis strøyming.

Å leike med klinkekuler
Dette undervisningsopplegget er tenkt som ein språkstimulerande leikesituasjon med litterære og matematiske innslag. Ressursen legg til rette for litterær samtale og lar elevane undre seg og prate om det å tape og vinne. Kanskje oppdagar dei nokre viktige erfaringar om seg sjølv.

Takk og omtanke i haustmørket
Denne undervisningsaktiviteten handlar om å vere takknemleg og reflektere over kva ein er glad for. Elevane skriv noko dei er takknemlege for, på eit haustblad.

Folkehelse og livsmeistring i begynnaropplæringa
Undervisningsaktivitetar baserte på biletboka Eventyret om flodhesten. Elevane får vere leikande, skapande og utforskande gjennom praktisk-estetiske læringsprosessar og arbeidsformer. Barnelitteratur, song, songleik, rollespel og praktiske aktivitetar er sentrale delar i ressursen. Vi arbeider ut frå det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring og kompetansemål henta frå faga norsk og musikk. Tema vi går nærare inn på, er livsmeistring, identitet, positivt sjølvbilete, mellommenneskelege relasjonar og fellesskap.

Berekraftig utvikling og miljøbevisstheit
I denne ressursen får elevane samtale, utforske, lese, skrive og vere aktive både inne i klasserommet og ute. Oppgåvene og aktivitetane tek føre seg kompetansemål i norsk, naturfag, samfunnsfag, mat og helse og kunst og handverk etter 4. trinn.

Tilpassa leseopplæring: tekstar om kjæledyr
Tverrfagleg arbeid på 3. og 4. trinn med utgangspunkt i nynorske tekstar om kjæledyr.

Haust – eit tverrfagleg opplegg
Gjennom å arbeide med tre ulike dikt om hausten får elevane ulike erfaringar med å lese for å oppleve. Elevane målar bilete, samanliknar ord og dikt, skriv eigne dikt og deltar i framføringar.

Skriv din eigen rockesong
I dette opplegget skal elevane skriva eigne rockesongar med inspirasjon frå barnebokfiguren Heavykatten. I arbeidet med skrivinga får dei læra nyttige triks i nynorskordboka på nett.

Insektspodden – podkast som forskingsrapport
7. trinn ved Sjøstrand skole laga podkast som alternativ til forskingsrapport etter ein ekskursjon. Elevar sette ut insektsfeller i skogen. Etter at dei hadde fanga insekt, valde dei ut eitt eller to insekt dei laga podkast om, «Insektspodden». Elevane arbeidde i grupper.

17. mai
I denne ressursen finn du aktivitetar som kan vere engasjerande å halde på med i samband med 17. mai. Opplegget passar for elevar på barnetrinnet og er innom både norsk, musikk, kroppsøving, samfunnsfag og kunst og handverk.

Film: Undersøking og fagskriving
I denne filmen følgjer vi Erna Osland i ein skrivedag med elevar på 5.–6. trinn og deretter prosessen vidare til ferdig tekst og bok. Sentralt i opplegget står det å gjere undersøkingar og å skrive fagtekst på bakgrunn av undersøkinga.

Film: Drama og fagskriving
Skodespelar Adele Duus inspirerer til fagskriving og viser døme på korleis dramaøvingar kan vere ein inngang til fagskriving for 3.–4. trinn.