Å leike med klinkekuler

Tap og vinn

Dette undervisningsopplegget er tenkt som ein språkstimulerande leikesituasjon med litterære og matematiske innslag. Ressursen legg til rette for litterær samtale og lar elevane undre seg og prate om det å tape og vinne. Kanskje oppdagar dei nokre viktige erfaringar om seg sjølv. I dette arbeidet treng elevane rettleiing og støtte frå læraren og kvarandre. Ressursen er forankra i kompetansemål etter 2. trinn. Elevane skal samtale, samarbeide, leike, sortere, lage stolpediagram og skrive.  

Klinkekuler

Tidsbruk: ca. 4 økter à 30 minutt 

Utstyr: Klinkekuler (100–200 stk.), boka Tapar av Martine Grande, læringsbrett og/eller skrivebok og skriveutstyr.  

Å tape kan vere utfordrande. Det kan gi kjensler som er kjipe, og det kan føre til at vi blir irriterte eller sinte. Å vinne kan ofte forbindast med å lukkast. Det kan gi gode kjensler, men også føre til at vi hoverer overfor andre. Det er fint å utforske korleis ein sjølv reagerer på å vinne og tape. Og korleis eigne reaksjonar kan påverke andre.  

Denne læringsressursen tar utgangspunkt i boka Tapar av Martine Grande. Boka handlar om dyra i skogen som stadig konkurrerer mot kvarandre i symjing, klatring og springing. Dovendyret Dag kjem alltid sist, og no er han lei av det. Han vil også ha medalje, og legg seg i hardtrening. Men kva betyr eigentleg det å vinne og tape? Martine Grande er forfattar og illustratør. 

  • Kompetansemål

    Norsk  

    • lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk 
    • samtale om og beskrive korleis ord vi bruker, kan påverke andre 
    • skrive tekstar for hand og med tastatur 

    Matematikk 

    • ordne tal, mengder og former ut frå eigenskapar, samanlikne dei og reflektere over om dei kan ordnast på fleire måtar  
    • utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane 
    • lage og følgje reglar og trinnvise instruksjonar i leik og spel 

Første økt: Vi les boka saman

Ta gjerne fram boka på storskjerm slik at elevane kan sjå teksten og bileta medan du les.  

Tapar
I første økta skal de lese boka Tapar av Martine Grande.

Før lesing  

Start med å sjå på framsida. La elevane bli med på ein samtale som handlar om forventingar og kva inntrykk framsida gir. Still gjerne spørsmål: 

  • Kva fortel biletet og overskrifta oss? Kva legg du merke til? 
  • Kva trur du boka handlar om?   
  • Les overskrifta. Kva er ein tapar?  

Under lesing  

Ta gjerne nokre lesestopp undervegs. Legg merke til kva elevane interesserer seg for, og bruk det som utgangspunkt for vidare samtale. Her er nokre forslag: 

  • Kva tenkjer de om det Ronny seier? (side 7) 
  • Korleis trur du Dag har det? (side 12) 
  • Kan du fortelje om noko du har øvd på? (side 17) 
  • Kva trur du? (side 26) 
  • Korleis trur du Dag har det no? (side 28) 
  • Kva tenkjer du om det dyra gjorde? (side 35)  

Etter lesing 

La elevane snakke saman med læringspartnar om det dei vart opptekne av gjennom høgtlesinga. Ta gjerne ein felles samtale: 

  • Kvifor trur du det kan vere vanskeleg å tape?  
  • Må du kome først for å vinne? Kvifor?  
  • Kan ein tapar vinne? Kvifor?  
  • Kan du fortelje om ein gong du tapte?  

Andre økt: Å leike med klinkekule

No skal elevane få prøve seg på nokre situasjonar der dei kan vinne eller tape. Alle elevane får utdelt 5 klinkekuler kvar. Dei skal leike to ulike leikar, og vi byrjar med den første.  

Leik 1: Å klinke 

Forklaring
Elevane skal samarbeide med ein læringspartnar. To og to lagar seg ei linje dei skal stå bak. Dei kan til dømes bruke teip, ein pinne eller ein linjal. Hovudpoenget er at begge elevane skal kaste kvar si klinkekule frå same avstand. Elevane må bli einige om kven som skal starte. Dette kan dei til dømes gjere med «stein, saks, papir» eller gjennom ellingar som «Elle Melle» eller med regla «Ole, Dole, Doff». NB!  Det kan vere naudsynt å kaste i ei sandkasse eller mot ein vegg for å unngå at klinkekulene trillar av garde.  

Førstemann kastar ei klinkekule. Nestemann skal forsøke å treffe den første kula med si eiga kule. Dette kallast å klinke. Om ein klarar det, får ein behalde begge kulene. Så kastar ein ut ei ny kule for å starte spelet på nytt. Kast i motsett rekkjefølgje denne gongen. Om ein ikkje klarar å treffe klinkula til motspelaren, beheld begge sine klinkekuler og spelet startar på nytt. Spelet er ferdig når ein har mista alle klinkekulene sine eller når tida er ute. Vinnaren er den som sit igjen med flest klinkekuler.  

Leik 2: Gjett mengda 

Forklaring 
Elevane skal samarbeide med læringspartnar. Dei får utdelt 5 klinkekuler kvar. Eventuelt fleire om de ynskjer å gjere det endå meir utfordrande. Elevane må bli einige om kven som skal starte. Det kan dei til dømes gjere med «stein, saks, papir» eller gjennom ellingar som «Elle Melle» eller med regla «Ole, Dole, Doff». Den første eleven skal velje ut ei mengd klinkekuler og gøyme dei i høgre hand. Dei klinkekulene som er igjen, kan dei legge bak ryggen eller i venstre hand. Læringspartnar skal prøve å gjette kor mange klinkekuler motspelaren har gøymt i høgre hand. Dersom ein gjettar rett, får ein alle klinkekulene som motspelaren har gøymt vekk. Dersom ein gjettar feil, beheld motspelaren klinkekulene sine. Så er det motspelaren sin tur til å gøyme klinkekuler i handa si. Leiken fortsett heilt til den eine har mista alle klinkekulene eller til tida er ute. Vinnaren er den som sit igjen med flest klinkekuler. Ein kan også snu om på leiken og gjere det slik at vinnaren er den som har kvitta seg med alle klinkekulene.  

Avslutt økta i lyttekrok. La elevane fortelje om erfaringane sine med å tape og vinne. Kva gjorde dei når dei tapte? Kva gjorde dei når dei vann?  Kva er ein dårleg tapar? Kva er ein god vinnar? Det kan også vere fint å gjennomføre leikane ein gong til etter ein slik reflekterande samtale. Korleis kan dei vere gode taparar og gode vinnarar?  

Tredje økt: Sortering og stolpediagram

Aktivitet 1: Sortering  

Denne aktiviteten krev ein god del klinkekuler i ulike storleikar og fargar. Det kan vere meir gjennomførtbar under stasjonsarbeid, der denne aktiviteten er ein stasjon. Då vil det vere færre elevar som treng klinkekulene til same tid.  

Elevane får utdelt 20 klinkekuler kvar. Dei skal utforske, studere og sortere klinkekulene.  

  • Kva er likt? Kva er ulikt? Er det noko som er heilt likt? Kva? Er det noko som er delvis likt? Kva? Desse spørsmåla blir utgangspunkt for den komande oppgåva til elevane. Dei skal nemleg sortere klinkekulene etter eigenskapar dei sjølv vel. Det kan til dømes vere etter farge, storleik, mønster etc. alt etter kva elevane legg merke til, og kva dei tenkjer kan vere ein fornuftig måte å sortere på.   

Aktivitet 2: Stolpediagram  

Når elevane er ferdige med å sortere klinkekulene, skal dei lage eit stolpediagram og føre inn resultatet. Her kan de ta i bruk den vedlagde malen: Stolpediagram (pdf)

På den vassrette linja skal elevane skrive kva dei valde å sortere. På den loddrette linja skal elevane skrive mengda på klinkekulene som høyrer til kategorien. Deretter skal elevane teikne inn stolpane etter mengda frå sorteringa. 

Aktivitet 3: Skriv  

Lim stolpediagrammet inn i skriveboka di eller ta bilete med læringsbrettet og legg det inn i eit skriveprogram (til dømes Skoleskrift eller Lingdys) eller i appen Book Creator. Skriv 3–5 setningar om arbeidet du har gjort. Døme: 

  • Vi har sortert.  
  • Eg har laga stolpediagram. 
  • Eg har 4 klinkekuler som er blå. 
  • Dette var gøy! 

Fjerde økt: Oppfinning

I denne økta skal elevane lage og forklare sin eigen leik med klinkekulene. Snakk saman om kva dei kan tenkje seg å gjere med klinkekulene. Kan dei kome på ein leik eller ein konkurranse? Her kan eit godt verktøy vere å bruke tankekart. De kan anten lage tankekartet saman eller individuelt. Her kan de ta i bruk den vedlagde malen.  

La elevane bruke tid på å tenkje og gjerne skrive ned nokre stikkord i tillegg til å ta utgangspunkt i tankekartet. Deretter skal dei lage lydopptak (til dømes i appen Book Creator, Kidspiration eller Showbie på læringsbrett) medan dei forklarar leiken og reglane. Kanskje må dei prøve ut leiken med ein læringspartnar?   

Lukke til!